Den norske kyrkja i Volda

Rådshusgata 6a (tidlegare postkontoret)
6100 Volda

Telefon: 70 07 40 90
Opningstid: måndag – fredag
kl. 10:00 – 14:00

Kontakt oss på e-post

Volda kyrkje på Facebook

KONFIRMANT 2018

KONFIRMASJONAR 2018http://www.volda.kyrkja.no/img/11_08_30_Konfirmasjon/konf_14_bilde_konfirmantar_prosesjon.jpg







Her kan du melde deg på som konfirmant 2018

Konfirmasjonsgudstenestene blir på følgjande dagar kl. 11.00

Austefjord kyrkje
søndag 9.september 2018

Dalsfjord kyrkje
søndag, 2.september 2018

Kilsfjord kyrkje
søndag, 2. september 2018

Volda kyrkje
laurdag, 1. september
søndag, 2. september
laurdag, 8. september
søndag, 9.september


Nyttige lenker elles finn du her:
www.konfirmant.no
Unge spør
www.bibel.no

BARNAS SIDER

http://www.volda.kyrkja.no/img/19_04_2017_Babysong/Babysong-logo-nynorsk.pngpå Uppheim

Torsdagar i partalsvekene, kl. 10.30 til 11.15.
I peisestova på Uppheim (nedre inngang).
Samlingane fram til sommarferien:
20.april
4. mai
18. mai
1. juni
15. juni
Vel møtt!

 

NYE konfirmanttidar frå hausten 2017!

Vi ynskjer å høyre di meining om kva dag som  passar best for dykk til å ha konfirmasjon i 2018. Dette er inga påmelding, men skal hjelpe oss til å setje opp konfirmasjonsgudsteneste som samsvarar samla ynskje frå foreldregruppa. Gå inn i sprøjeundersøkinmga her og stem på "din" favorittdag". 

 

Meir om endringa av konfirmantopplegget finn du lenger ned i protokollen frå foreldremøtet vi hadde 15. juni i Volda kyrkje. 

 

Protokoll frå foreldremøte for konfirmasjon 2018: 

Opning, ved prest Kjell-Roger Isene.

Presentasjon av medarbeidarane prost Ingeborg Matre, kyrkjelydspedagog Runhild Aksnes, kateket Constanze Lindner

Målet med konfirmanttida, ved kateket Constanze Lindner

Vi ynskjer å gi ungdomane ei kjekk, grundig og meiningsful konfirmasjonstid i kyrkja der det rom for undring, samtale og sosialt samvær.  Ei tid der trua dei har fått i dåpen blir vekt og styrka. Fokus på kva vi personleg trur på. Lære om det, oppleve og gjere det, reflektere over det. Sette det i relasjon til eiget liv og vere i stand til å ta eigne val.

Endringar i konfirmanttida, ved Constanze Lindner og kyrkjelydspedagog Runhild Aksnes.

Konfirmanttida per i dag

Konfirmantane i Volda får eit godt opplegget allereie i dag:

-       ein til to undervisningssamlingar i mnd., à 90 minutt, september til mai.

-       To fellessamlingar i semesteret for alle konfirmantar, mest i Volda

-       Konfirmatleir: fredag til måndag i haustferien

-       KonfPLUSS: anten samtalegrupper med 5 samlingar à 90 minutt i private heimar eller deltaking i frivillig kristen arbeid/leir (t.d. Tensing, Speidar, Vintertreff)

-       9 gudstenestebesøk (3 obligatoriske, 6 valfrie)

-       konfirmasjon første og andre helg i mai.

Samstundes ynskjer vi forbetre oss og gjer difor stadig endringar frå år til år.

Vi ynskjer å gi ungdomane meir tid i lag, for å bygge relasjon, for å gjere undervisninga meir praktisk, og kunne legge den utanfor undervisningslokalet òg av og til.

Difor blir det lengre, men færre undervisningssamlingar.
Leiren blir utvida til 4 døgn og skal vere ei avslutning på året. Slik at ungdomane òg har lyst å halde fram med på komme til kyrkja, engasjere seg på ulike måtar osv.

Difor vil konfirmanttida bli litt forskjøvet:

Presentasjon av konfirmanttida 2017-18, ved Runhild Aksnes

-          oppstart i oktober

-          om lag 3 samlingar på hausten + 2 gudsteneste (presentasjonsgudsteneste, lysmesse), mest sansyneleg rett etter skuletid til kl 17 eller 18. Start med eit enkelt måltid.

-          bolk med samlingar på våren

-          leiren: siste veka i sommarferien

-          konfirmasjonane dei to første helgene i september         

Konfirmasjonsdatoar 2018

Volda

-          Klassevis inndeling  med høve om å bytte dag:

-          A + B: første helga i september, t.d. A 01.09., B 02.09.

-          C + D: andre helga i september, t.d. C 08.09., D 09.09.

Det er mogleg å ha to gudsteneste på laurdagar og ingen på søndag. Eller ha ein helg begge dagar og berre laurdag ein annen helg.
Her ynskjer vi at de som foreldre/føresette kjem med innspel og ynskje, sjå nede.

Dalsfjord: 1. helga i september

Kilsfjord: 1. helga i september

Austefjord: 2. helga i september 

På bygdene har vi hatt konfirmasjon på søndagar òg etter at det vart opna for laurdagskonfirmasjon i Volda kyrkje. Men no ynskjer vi å vite om eit fleirtal vil gå for laurdagskonfirmasjon i bygdekyrkjene også.

Bruk spørjeundersøkinga som blir lagt ut på www.volda.kyrkja.no. Svarfrist innan 1. juli. Dette er inga påmelding, men skal hjelpe oss å sette opp konfirmasjonsgudsteneste som samsvarar samla ynskje frå foreldregruppa.

 

Under samtalen, leia av prost Ingeborg Matre kom ulike innspel:

-          Positiv til endring på bakgrunn av gode erfaringar med septemberkonfirmasjon andre plassar

-          Positiv til å strekke konfirmanttida til 10. klasse sida ungdomane då er blitt meir modne.

-          Spørsmål om å ha høve til konfirmasjon i mai, i tillegg til september. Svar: Dette er diverre ikkje mogleg, sidan det krev at vi køyrar to opplegg parallelt.

Det vart stilt ein del spørsmål kring «arbeidsmengden» og konsekvensane for konfirmantane sine fritidsaktivitetar. Det vart opplyst om 3 undervisningssamlingar på hausten, fleire på våren, 9 gudstenestebesøk (som før, sjå oppe), KonfPLUSS (sjå oppe). Spesielt sistnemnde skal vurderast i samband med omlegging. Vi ynskjer at konfirmantane ikkje opplever mykje meir tidspress, samstundes som dei må gjere ein litt større innsats akkurat i konfirmanttida. Er ungdomane veldig aktive brukar vi å ha ein god dialog med dei og førsette for å legge til rette.

 

Constanze Lindner

Volda, 15.juni 2016

  
Av: Constanze Lindner   Publisert: 15.06.2016
 
Linkar
»
»
Størst av alt
Hjelp flyktningane!

Flyktningkrisen2015

Admin

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Volde kyrkjelege fellesraad. Powered by KWeb fra kirkedata.no