Undretur og 4 årsbok i Volda kyrkje


Fireåringane er denne veka velkomne til undretur og gudsteneste i Volda kyrkje! På undreturen vil du blant anna få kjenne på dåpsvatnet, prøve orgelet, få ei forteljing og lære ein song. Vi serverer bollar og eplejus til slutt. I gudstenesta vil du få 4-årsboka “Kyrkjeboka mi” i gåve.

 

Grunna pandemien må vi invitere barnehagevis.


UNDRETUR 

(i følgje med ein vaksen) 

Tysdag 4. Mai kl. 17:30: Engeset, Oppigarden, Rotset

Onsdag 5. Mai kl. 17:30:  Bratteberg, Røysmarka, Øyra

Torsdag 6. Mai kl 17:30: Hjellebakkane, Mork, Sollia, Trollsletta

 

GUDSTENESTA
(fleire i familien kan kome, men vi må vite kor mange slik at vi kan reservere plass) 

Sundag 9 Mai kl. 16:00: Engeset, Oppigarden, Rotset, Hjellebakkane, Sollia

Sundag 9 Mai kl. 17:30: Bratteberg, Røysmarka, Øyra, Trollsletta, Mork

Helsing Volda kyrkjelyd ved Ingrid Finsådal Bakke prest

 

Om det trengst tilrettelegging, ta kontakt. 
Påmelding: Wendi Stråbø, SMS 488 93 781
Skriv barnet sitt namn + tal på kor mange som kjem til gudstenesta

Tilbake