Smittevern i Volda-kyrkjene


Frå 15. desember 2021 gjeld det igjen strenge smitteverntiltak i kyrkjene. Gudstenester og kyrkjelege handlingar går med maksimalt 50 deltakarar.

Tiltaka som gjeld frå 15. desember og i fire veker framover inneber at:

  • det er lov med inntil 50 personar til stades i kyrkja.
  • alle frammøtte i kyrkja skal registrerast med namn og telefonnummer. Ein skal også registrere kvar den einskilde sit.
  • alle skal halde ein meter avstand til personar frå andre husstandar.
  • alle skal bruke munnbind på veg inn og ut av kyrkja.

I kyrkja har vi det som heiler "faste, tilviste plassar." Det tyder at ein kyrkjevert viser alle til nummererte plassar i benkane, og at ein held seg på den plassen med mindre ein skal medverke, skal vere med på dåp, ta imot nattverden eller må ein tur på toalettet. Med faste, tilviste plassar er det lov å vere maksimalt 50 personar til stades i kyrkja.

 

Gudstenester

Gudstenestene går i hovudsak etter oppsett plan med maksimalt femti deltakarar. I jule- og nyttårhelga vert det påmelding på nett til gudstenestene. 

 

Dåp

Dei som har planlagt dåp i perioden med strenge tiltak, kan velje å leggje dåpen til ei eiga dåpsgudsteneste med inntil 50 deltakarar. Foreldra leverer då liste over deltakarane i dåpsfølgjet på førehand. 

 

Gravferd 

Det er ikkje tillate å vere meir enn 50 personar i kyrkja under gravferd i den perioden desse tiltaka gjeld. Difor er det diverre naudsynt at familiane igjen leverer lister til presten på førehand over kven som kjem til å vere i kyrkja. Dei frammøtte får tildelt nummererte plassar i benkene. 

 

Vigsel

Som for gravferd, gjeld grensa på 50 deltakarar. Brudefolket leverer gjesteliste til presten på førehand, og dei frammøtte får tildelt nummererte plassar i benkene. 

 

Institusjonar

Kommuneleiinga vurderer det slik at andaktar og samlingar på omsorgsbustadene og omsorgssentra ikkje kan gjennomførast under dei smittevernreglane som no gjeld, og desse samlingane vert dermed avlyste. Derimot er det framleis ope for samtalar ein-til-ein, slik at dei som har behov for å snakke med prest eller ein annan av medarbeidarane i kyrkja, kan be om det og få besøk på rommet. 

 

Konsertar

Konsertar og andre arrangement er omfatta av dei same restriksjonane som gudstenester og kyrkjelege handlingar. Mange medverkande vel difor å avlyse eller utsetje konsertane. 

 

Følg med!

Vi oppmodar alle til å følge med i avisene, på kyrkjelyden sine heimesider og på Facebooksidene for å få oppdateringar om planlagde arrangement. Endringar kan kome på kort varsel. I kyrkja er det viktig at alle skal kunne kjenne seg trygge, samstundes gjer vi det som er mogeleg innanfor gjeldande rammer for å halde opne møtestadene i kyrkjene våre. 

 

Tilbake