Smitteverntiltak i kyrkjene


Frå 15. desember og i fire veker framover er det ikkje tillate med meir enn 50 deltakarar på gudstenester og andre samlingar. Programmet i jula og på nyåret vil dermed sjå annleis ut. 

Tiltaka som gjeld frå 15. desember inneber at:

  • det er lov med inntil 50 personar til stades i kyrkja.
  • alle frammøtte i kyrkja skal registrerast med namn og telefonnummer. Ein skal også registrere kvar den einskilde sit.
  • alle skal halde ein meter avstand til personar frå andre husstandar.
  • alle skal bruke munnbind på veg inn og ut av kyrkja.

I kyrkja har vi det som heiler "faste, tilviste plassar." Det tyder at ein kyrkjevert viser alle til nummererte plassar i benkane, og at ein held seg på den plassen med mindre ein skal medverke, skal vere med på dåp, ta imot nattverden eller må ein tur på toalettet. Med faste, tilviste plassar er det lov å vere maksimalt 50 personar til stades i kyrkja.

 

Gudstenester

Gudstenestene i desember vil i hovudsak gå etter oppsett plan. I jule- og nyttårshelga vert alle oppsette gudstenester gjennomførte med maksimalt 50 deltakarar på kvar gudsteneste. For å fordele plassane rettferdig, vert det påmelding på nett eller ved å vende seg til kyrkjekontoret til desse gudstenestene. Påmelding til julegudstenestene opnar måndag 20. desember klokka 14.00. Påmelding til nyttårsgudstenestene opnar måndag 27. desember klokka 14.00. På nyåret held vi fram med gudstenester utan påmelding, men med avgrensinga på femti plassar. 

 

Dåp

Dei som har planlagt dåp i denne perioden, kan velje å leggje dåpen til ei eiga dåpsgudsteneste med inntil 50 deltakarar. Slike dåpsgudstenester legg vi normalt rett etter den planlagde gudstenesta. Foreldra leverer i alle tilfelle liste over deltakarane i dåpsfølgjet på førehand. 

 

Gravferd 

Det er ikkje tillate å vere meir enn 50 personar i kyrkja under gravferd i den perioden desse tiltaka gjeld. Difor er det diverre naudsynt at familiane igjen leverer lister til presten på førehand over kven som kjem til å vere i kyrkja. Dei frammøtte får tildelt nummererte plassar i benkene. 

 

Vigsel

Som for gravferd, gjeld grensa på 50 deltakarar. Brudefolket leverer gjesteliste til presten på førehand, og dei frammøtte får tildelt nummererte plassar i benkene. 

 

Skulegudstenester

Barnehagevandringane i kyrkjene er alt gjennomførte. Med gult nivå i skulane og raudt nivå i vidaregåande vert dei aller fleste skulegudstenestene avlyste. Dei minste skulane greier derimot å gjennomføre innanfor gjeldande smittevernreglar. 

 

Institusjonar

Kring julehøgtida er det til vanleg mange andaktar og samlingar på omsorgsbustadene og omsorgssentra i kommunen. Kommuneleiinga vurderer det slik at slike samlingar ikkje kan gjennomførast under dei smittevernreglane som no gjeld, og desse samlingane vert dermed avlyste. Derimot er det framleis ope for samtalar ein-til-ein, slik at dei som har behov for å snakke med prest eller ein annan av medarbeidarane i kyrkja, kan be om det og få besøk på rommet. 

 

Konsertar

Mange konsertar og andre tilstellingar er planlagde i kyrkjene i desember. Med dei nye grensene for kor mange som kan vere til stades, er det mange som vel å avlyse. Akkurat no (14. desember) er følgjande konsertar avlyste:

  • Julekonserten i Hornindal kyrkje 10. desember
  • Julekonserten i Dalsfjord kyrkje
  • Konserten med Karen Rosenberg Olsen og Marie Austrheim Riise i Volda kyrkje 16. desember
  • Julekonsert med Volda mannskor i Volda kyrkje 18. desember
  • "Vi syng og spelar jula inn" i Volda kyrkje 19. desember
  • Julekantaten "Den store kongen" ved elevane ved Hornindal skule i Hornindal kyrkje 20. og 21. desember

 

Følg med!

Vi oppmodar alle til å følge med i avisene, på kyrkjelyden sine heimesider og på Facebooksidene for å få oppdateringar om planlagde arrangement. Endringar kan kome på kort varsel. I kyrkja er det viktig at alle skal kunne kjenne seg trygge, samstundes gjer vi det som er mogeleg innanfor gjeldande rammer for å halde opne møtestadene i kyrkjene våre. 

 

Tilbake