Barnekoret på Uppheim


Barnekoret på Uppheim har pause i øvingane. Vel møtt igjen til hausten!

 

Vi ønsker alle barn frå ca. 3 år og oppover velkomen til å bli med i Barnekoret på Uppheim! Dette er eit lavterskel-tilbod, så det er ope for alle. Vi har øvingar i storsalen på Uppheim annakvar veke kl. 17.30 – 18.15. Fokuset ligg på song-glede og sosialt samspel.

 

Barnekoret er ein del av kyrkjelyden sitt barne- og kyrkjemusikalske arbeid. Organist Erlend Koppen er musikalsk leiar, og med seg har han Liv Kristin Bjørlykke Øvereng, Ane Bergset Mandal og Anne-Marit Bae.

 

Hjarteleg velkomne!

 

Leiarane, Volda sokn og Volda KFUK-KFUM

Tilbake