Volda kyrkjekor


Øving kvar onsdag kl. 19.30 - 22.00 i Volda kyrkje

 

Volda kyrkjekor si historie går tilbake til 1950-talet der den dåverande organisten, Bjarne Dankel, starta opp eit kor som skulle støtte opp om liturgi, salmesong og å framføre motettar i gudstenester. Men koret framførte også mange større verk, m.a. «Requiem» av W. A. Mozart og «Johannespasjonen» av J. S. Bach. Dette koret kalla seg Volda kammerkor.
Etter ei periode der koret tok pause vart aktiviteten starta opp igjen. Organisten Ragnar Aske tok initiativ til det. Det var i 1969. No tok koret namnet Volda kyrkjekor. Første opptreden under det nye namnet fand stad i januar 1970.
Sidan då har koret hatt ulike oppgåver i Volda kyrkje: synge i gudsteneste, delta under andakter på institusjonane og framføre store kyrkjemusikalske verk.
Etter Bert Handrick overtok som kantor i Volda, har Volda kyrkjekor profilert seg som kor. Ved sida av liturgiske oppgåver i gudstenestene har koret framført ei rekkje med store og velkjente kyrkjemusikkverk: m.a. «Matteuspassjonen» av J. S. Bach (saman med Volda Vokal), «Stabat Mater» av A. Dvorak (saman med Ørstakoret), «Requiem» av G. Fauré (saman med Ålesund kirkekor og Ørstakoret) og nokre kantater av J. S. Bach og D. Buxtehude. Det har vore ei god tradisjon før jul i mange år å framføre «Juleoratoriet» av J. S. Bach – i starten åleine, etter kvart saman med Spjelkavik kyrkjekor. Kroning av dette samarbeidet kom i 2017 då heile verket vart framført (saman med Spjelkavik kyrkjekor og Molde domkantori).
Også a-cappella-musikk har vore på programmet: m.a. «Fire Salmar» av Edvard Grieg, «Warum ist das Licht gegeben» av J. Brahms og musikk frå H. Schütz, A. Bruckner, K. Nystedt og andre klassiske og moderne komponistar.
Volda kyrkjekor har vore på turné i Tyskland i 2009, 2011 og i 2017. Turneen 2017 var i høve 500 års-jubileet av reformasjonen. Då reiste koret saman med Volda Vokal til delstaten Sachsen. I bagasjen hadde dei med seg m.a. «Ehre sei Gott in der Höhe» av F. Mendelssohn, «Fire Salmar» av E. Grieg, «Sanctus» av M. Åm og ei urframføring – «Nicht das Ende, aber der Weg» av B. Handrick.
Volda Kyrkje er øvingslokalet til kyrkjekoret. Den gjev med sin fantastiske akustikk det beste rammet til å syngje klassisk kormusikk. Koristane opplev det som oppløftande og gjevande.

Volda kyrkjekor består kjekke folk som set også stor pris på sosialt samvær.
Volda kyrkjekor er eit kor som passar for alle som er glad i klassisk kormusikk – frå enkelt og overkomeleg stoff til verk som krev litt meir øvingsinnsats.
Du er hjerteleg velkomen.

 

Tilbake