Reglar for konfirmanttida


REGLAR FOR KONFIRMANTIDA

Her er reglane som gjeld for konfirmanttida.
Ved påmelding godtek konfirmantar og føresette desse.

 

§1 Ein bør gjere mot andre slik ein vil at andre skal gjere mot ein sjølve.
Dersom både konfirmantar og leiarar er positive og lojale vil alle få ei kjekk og lærerik konfirmanttid.

§2 Leiarane forpliktar seg på å gjera alt dei kan for at kvar einskild av konfirmantane
skal ha eit godt utbytte av opplegget.

§3 Tidspunkt og andre beskjedar leiarane gjev, må følgjast. Opplegga startar presis.
Dersom ein ikkje kan møte til samlingane må kateketen eller presten få beskjed frå
foreldre/føresette, på førehand. Berre sjukdom gjeld som gyldig fråvær.

§4 Mobbing og anna oppførsel som øydelegg for andre er ikkje tillate.

§5 Dersom ein gjer skade på bygningar, buss eller andre sin eigedom skal dette erstattast av den som forårsakar skaden.

§6 Det er ikkje tillate å bruke mobiltelefon o.l i undervisning og liknande. Desse samlast inn starten av samlinga og delast ut etter arrangementet er avslutta.

 

Tilbake