Kyrkjemusikkveka 2023


Seks kyrkjer, seks konsertar - opplev breidda av det musikalske arbeidet i kyrkjelydane våre gjennom konsertar og salmekveldar i alle kyrkjene i kommunen frå 14. til 23. april. Sjå programmet her!

Altartavla i Volda kyrkje

Alle kyrkjene våre har sitt særpreg. Den eine er gammal og lita, den andre meir moderne og pragmatisk, den tredje storslått og med mektig akustikk. Kyrkjemusikkveka sitt formål er å vise fram dette mangfaldet. Det er først og fremst lokale utøvarar som står for musikken.

Seks ulike kyrkjer - seks varierte arrangement. Kyrkjemusikkveka har ein lang tradisjon, men ulike arrangement frå orgelkonsertar til korstemne, oratorieframføringar til konsertar for barn og unge.

Etter kommunane Volda og Hornindal har blitt eitt, har vi seks ulike kyrkjer som høyrer den nye storkommuna til.

Det er stor sansynlegheit at ikkje alle innbyggjarar har sett kyrkjene sine frå innsida enno. Kyrkjemusikkveka byr på den store anledninga å gjere noko med det.

Det blir seks arrangement i seks kyrkjer - frå Hornindal kyrkje via kyrkjene i Austefjord, Bjørke, Volda og Kilsfjord til Dalsfjord kyrkje.

 

Fredag 14. april 2023, kl. 19.30   -   Hornindal kyrkje

 

Salmekveld "Resurrexit - Han er oppstaden!" - Salmar kring påske og vår

Salmekvelden inviterer alle songglade folk til å syngje glade salmar med tema kring påske og vår.

Påskehelga har vore nettopp, og dei fleste har sunge "Han er oppstaden, halleluja!". Vi er altså allereie i denne glade stemminga og kan gjerne fortsetje litt til. Våren nærmar seg, det byrjar å gro på markane og i hagane kring husa. Dette skal vi også feire med glad song. Organist John Inge Bjøringsøy og kantor Bert Handrick skal spele til songen på ulike instrument.

Dei som ynskjer å syngje sin yndlingssalme, må gjerne melde ynskjet sitt til kantoren (sjå kontakt i slutten av artikkelen).

Vel møtt til Hornindal kyrkje!

Kollekt ved utgangen.

 

Laurdag 15. april 2023, kl. 12.00   -   Volda kyrkje

 

12-konsert med Ervingen blandakor

Ervingen blandakor har eit stort repertoar. Dirigenten Øyvind Lied har plukka ut nokre av dei finaste korverk som heidrar årstida og påske.

Vel møtt til ei triveleg stund med flott korsong i Volda kyrkje!

Inngang: 100,- kr (pengane går til kyrkjemusikalsk arbeid og fornyinga av hovudorgelet i Volda kyrkje)

 

Laurdag 15. april 2023, kl. 19.00   -    Kilsfjord kyrkje

 

"Pop & katedral" - med Fjordafolk og Tonika

Kilsfjord kyrkje er ei arbeidskyrkje som er sterkt undervurdert som konsertlokale. Den ligg kanskje litt utanfor allfartsveg, men har godt rom til mange ulike arrangement for store og små.

Fjordafolk er eit lokalt kor som organist Erlend Koppen har vore dirigent for ei god stund. Saman med Tonika musikkorps og andre lokale musikarar vil dei invitere ein familievenleg konsert.

Fjordafolk er eit blanda kor med omlag 20 medlemar frå Folkestad og Dalsbygda. Dirigent for koret er Erlend Koppen som har dirigert koret sidan 2018. Repertoaret er godt blanda - frå salmar, visar, gospel og popmusikk.

Janitsjar-korpset Tonika sin dirigent er Inger Anne Kvamme. Dei spelar variert musikk i alle sjangrar, og har delteke på alt frå lokale konsertar, korpsstemnar og turar i inn- og utland. Korpset har feira 50 års-jubileet sitt i 2020. Medlemmane kjem frå fem bygdar: Folkestad, Straumshamn, Bjørkedal, Dalsbygd og Steinsvik.

Vel møtt til Kilsfjord kyrkje!

Inngang: 200,- kr (barnefamiliar 300,- kr)

 

Søndag 16. april 2023, kl. 16.30    -    Bjørke kyrkje

 

Klangen ved fjorden - ei musikalsk reise

Kyrkjene i Volda har fire kyrkjemusikarar med "ekspertise" på ulike instrument og tonespråk. Å føre dei saman til noko felles kan by på uventa klangopplevingar.

(frå konserten i Kilsfjord i 2022)

John Inge Bjøringsøy, Morten Bollerud, Erlend Koppen og Bert Handrick skal improvisere på ulike, til dels eksotiske instrument. Dei vil prøve å fortolke påsketida vi er inn i, på ein litt meir spirituell-intim måte. Her vil det dukke opp nokre salmemelodiar, folkemusikkinspirerte tonar, litt jazz, litt klassisk-moderne musikk.

Du kan gjerne ta med deg ei yogamatte om du vil liggje på golvet for å lytte avslappa og mediterande, eller i staden sitje i benken og lukke augene.

Kvelden vert avslutta med sosialt samver for små og store på Bjørke bedehus.

Vel møtt til ein på mange måtar kullinarisk kveld i Bjørke kyrkje!

Inngang: 200,- kr (barnefamilier 300,- kr)

 

Fredag 21. april 2023, kl. 21.00    -    Volda kyrkje

 

SKRUK 50 år

SKRUK er 50 år i år, og ganske nøyaktig på dagen 50 år etter skipingsdagen, held SKRUK konsert i bygda der historia starta, nemlig i Volda. På konserten i Volda kyrkje vil koret servere det dei kallar eit koldtbord, med musikk frå mange av dei spanande prosjekta dei har vore med på, med musikarar og komponistar frå alle verdshjørne. I løpet av helga spelar koret også inn ny plate saman med den sørsamiske komponisten og musikaren Frode Fjellheim. Han er, mellom mykje anna, kjend for å ha skrive noko av musikken til Disneyfilmane "Frost".

Konserten er også ein del av programmet for Kyrkjemusikkveka i Volda. Du er velkomen til ein variert fredagskonsert!

Vel møtt til Volda kyrkje!

 

Laurdag 22. april 2023, kl. 19.00    -    Austefjord kyrkje

 

"Her og no" - frå gamle røtar til ny toneleik

Nude Cloak med Andreas Barth og Einar Frøysa skal spele saman med Knut Sverre Nes og Morten Bollerud.

(Nude Cloak)

Som tittelen viser så skal publikummet få oppleve eit stort spenn av musikk: folketonar som har til dels sitt opphav for mange, mange århundre, til improvisert musikk som oppstår her og no. - Kan ein tenkje då på påsken også? Sjølvsagt. Påskens hending skjedde for knapt 2000 år og er vidareført nesten på lik måte som folketonane våre er. Samtidig skjer påskens hending kvart år på nytt når vi feirar den i kyrkjene våre - lik som improvisert musikk gjer. Den "står opp" her og no.

Vel møtt til Austefjord kyrkje!

Inngang: 200,- kr (barnefamilier 300,- kr)

 

Søndag 23. april 2023, kl. 19.00    -    Dalsfjord kyrkje

 

"Da pacem, Domine - Herre, gje oss fred"

Avslutningskonserten for Kyrkjemusikkveka 2023 er lagt til Dalsfjord kyrkje i år. Denne kyrkja er ganske stor til å vere plassert i ei lita bygd. Den ligg fint til ved fjorden og er godt synleg frå sjøsida. Ein kan godt tenkje seg at den fungerte som landemerke når folk kom roande i båtane sine for å gå til gudsteneste i gamle dagar.

Å ha noko ankerfeste, noko ein kan halde seg til, eit orienteringspunkt, ei støtte, har blitt spesielt viktig og verdifullt i våre dagar der det herjar krig ikkje så langt unna. Difor er det så godt å kunne syngje "Da pacem, Domine" - Herre, gje oss fred. Påskens fred er også eit symbol på at freden er mogleg, sjølv om det ikkje ser slik ut akkurat no.

Volda kyrkjekor er hovudaktør i konserten og skal syngje musikk av Arvo Pärt, Ola Gjeilo, William Byrd, Bert Handrick og andre komponistar.

Den lokale biletkunstnaren og musikaren Henrik Koppen skal spele pianomusikk av Edvard Grieg, Frédéric Chopin og Isaac Albéniz, samt ha ei lita utstilling i kyrkja.

Volda-organistane Morten Bollerud, Erlend Koppen og Bert Handrick skal ledsage alle frammøtte i salme-allsong.

Vel møtt til Dalsfjord kyrkje!

Inngang: 200,- kr (barnefamilier 300,- kr)

 

kontakt: kantor Bert Handrick (kantor@volda.kyrkja.no)

 

Tilbake