Kyrkjeleg fellesråd
Kyrkjeleg fellesråd er heimla i kyrkjeordninga § 17 som eit samarbeidsorgan for sokneråda i ein kommune. Kyrkjeordninga slår fast at kyrkjelydane gjennom fellesrådet skal samarbeide om visse oppgåver:
- Administrative og økonomiske oppgåver, t.d. koordineringa av budsjettarbeidet på vegner av kyrkjelydane.
- Mål og planar for den kyrkjelege verksemda i kommunen. I dette ligg det bl a å koordinere planane kyrkjelydane har for si verksemd, og å sjå dette i høve til tilgjengelege ressursar.
- Arbeidsgivaransvar (tilsetjingar, ledelse, arbeidsmiljø, stillingomtalar osb.)
- Fremje samarbeid mellom sokna og ivareta ansvaret sokna har overfor kommunen
Fellesrådet legg tilhøva til rette og hjelper til med å organisere arbeidet i kyrkja lokalt på ein best mogleg måte. Fellesrådet har på mange område fått fullmakt til å gjere sjølvstendige vedtak på vegner av sokna. Det vil utfordre sokna til samarbeid og kompromissløysingar. Fellesrådet vil vidare vere viktig som talerøyr for den felles strategien i kyrkjelydane, og for prioriteringar og økonomi overfor kommunen.
Det er soknerådet som opptrer på vegner av soknet dersom ikkje anna kjem tydeleg fram i lova eller kyrkjeordninga.
Volda kyrkjelege fellsråd har ein medlem frå kvart av dei seks sokneråda i kommunen, prosten og ein representant oppnemnd av Volda kommune.
Les meir om kyrkjeleg fellesråd på kyrkjerådet sine sider HER