Bryllaup


Bryllaup er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og vonde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løftene vert gjeven med vitne til stades- og framfor Gud, som har skapt oss til å leve i fellesskap og kjærleik.

Å inngå ekteskap eller vigsel er ei offentleg handling som kan skje borgarleg eller kyrkjeleg. Ein godkjend vigselsperson skal erklære at ekteskapet er gyldig. Eit bryllaup kan vere enkelt eller påkosta. Bryllaupsfolka kan vere unge eller godt vaksne, kvinne og mann, eller to av same kjønn. Den norske kyrkja tilbyr kyrkjeleg vigsel til alle par som ønskjer dette. Om du vel kyrkja der du bur, er det heilt gratis.

Vi ønskjer velkomne til bryllaup i alle dei seks kyrkjene i Volda. Les meir om naudsynte papir som må levarast før ei vigsle, om gangen i ei vigsle i kyrkja og om muligheitene de har til sjølve å setje dykkar preg på vigsla.