Konfirmant 2024?


Niandeklassing? Vil du vere konfirmant i Den norske kyrkja i neste år? Du kan enno hengje deg på! Den ordinære påmeldinga til konfirmantåret 23/24 er open fram til 24. september!

Informasjonsmøte

Foreldre og framtidige konfirmantar vart inviterte til informasjonsmøte i veke 23. Invitasjon er send ut i posten til alle registrerte medlemmer fødde i 2009. Møta var sett opp slik:

Volda sokn: Tysdag 6. juni kl. 18–19 på Uppheim i Volda
Austefjord, Storfjorden og Hornindal sokn: Onsdag 7. juni kl. 18–19 i Hornindal kyrkje
Kilsfjord sokn: Torsdag 8. juni kl. 18.00–18.45 i Kilsfjord kyrkje
Dalsfjord sokn: Torsdag 8. juni kl. 20–20.45 i Dalsfjord kyrkje

 

Påmelding

Påmeldinga skjer på nett. Påmeldingsskjemaet er felles for alle sokna og opna 6. juni kl. 19. Påmeldinga finn du her. Under informasjonsmøtet vart det gjeve rettleiing om utfylling av påmeldinga, men alle skal kunne orientere seg i skjemaet på eiga hand også. 

 

Konfirmasjonsdatoar 2024

Volda: Laurdag 31. august, søndag 1. september, laurdag 7. september
Dalsfjord: Laurdag 31. august
Kilsfjord: Søndag 1. september
Hornindal: Laurdag 7. september
Austefjord: Søndag 8. september
Storfjorden: Søndag 8. september

 

Konfirmanttida

Konfirmantåret startar i oktober 2023. Alle konfirmantane i sokna i Volda møtest til felles avspark laurdag 21. oktober. Søndagane før og etter held vi presentasjonsgudstenester i alle kyrkjene der kyrkjelyden får møte årets konfirmantar og be for dei. Undervisninga skjer gjennom seks samlingar etter skuletid frå november til mai. I tillegg er konfirmantane med som medhjelparar eller deltakarar på ti gudstenester gjennom året. Dei har også oppgåver i trusopplæringa som leiarar for yngre born. I veka før påske deltek dei i fasteaksjonen og er med på å samle inn pengar til Kirkens nødhjelp. Sommaren 2024 er det konfirmantleir for alle konfirmantane på Kjeldsund leirstad i Herøy. 

 

Kontakt

Det er kateketvikar Mathias Andersen som har hovudansvaret for konfirmantåret og best kan svare på spørsmål om opplegget. Sokneprestane er med i gudstenester, i undervisning og på leir, og resten av staben og ei lang rad frivillige er med når det trengst.

 

Vel møtt til konfirmantåret 2023/2024!

Tilbake