Juleoratorium 2023 - Korseminar om J. S. Bach sitt storverk


Sunnmøre oratoriekor med Volda kyrkjekor som kjernen inviterer i haust til eit nytt korseminar om Johann Sebastian Bach sitt Juleoratorium (kantatene 1, 4 - 6). Samarbeidspartnar er Molde domkantori. Konsertane vert 9. desember i Volda og 10. desember i Molde.

Etter den store suksessen vi har hatt med dei første tre kantatene i 2022, vil vi gjerne invitere til eit nytt korseminar for kor, enkeltkorsongarar og songglade folk med eller utan korerfaring i regionen Sunnmøre. Målet er å framføre dette storslåtte verket i Volda kyrkje laurdag og søndag 2. advent i år. - (4. advent = juleaften)

Invitasjonen gjeld både unge og vaksne. Planen er å leggje tilrette for at barn og unge også få moglegheita til å vere med å syngje dette flotte verket.

Seminaret vil ha oppstart i 23. august 2023 og foregå i Volda kyrkje annakvar onsdag frå kl. 19.30 til kl. 22.00. I sluttfasen vil vi samle alle deltakarar til fellesøving med solistane og orkesteret for så å framføre resultatet i to konsertar i både Volda kyrkje og Molde domkyrkje.

Er du interessert? Har du lyst til å oppleve noko stort i lag med andre korentusiastar frå regionen din? Syng du i kor - blanda kor, damekor, mannskor, barnekor eller ungdomskor - eller er berre glad i å syngje, så meld deg på!

 

Påmelding med frist 20. august 2023:

Du melder deg på i det du sender e-post til kantor@volda.kyrkja.no med følgjande opplysningar (du kan kopiere dette skjemaet og fylle ut):

  1. fornamn, etternamn
  2. adresse
  3. mobilnr., e-post-adresse
  4. stemmegruppe (skriv om du syng sopran, alt, tenor eller bass)
  5. om erfaring med korsong (stryk det som ikkje gjeld deg):
  • Eg er medlem i koret …. (skriv namnet til koret her).
  • Eg syng ikkje i kor for tida, men har vore med i koret … (skriv namnet til koret her).
  • Eg har ingen erfaring med korsong, men er glad i å syngje og har god songstemme.

 

Deltakaravgift:

Deltakaravgift er på NOK 500,-. Du vil få ein faktura saman med bekrefting på påmeldinga di i retur på påmeldings-e-posten din.

 

Notemateriale:

Vi brukar urtekst-utgåva til verket som arbeids- og framføringsmaterialet. Om du ikkje har denne utgåva frå før, anbefalar vi å bestille den sjølv.

Spesifikasjonar:

Johann Sebastian Bach: Weihnachtsoratorium (Juleoratorium)

Bärenreiter-Verlag (utgåvenummer: BA05014-90)

ISMN: 9790006461660

pris: Euro 14,95 (ca. 150,- kr +  frakt og avgift)

 

Øvingslydfiler på nett:

For å bruke mest mogleg tid på musikalsk uttrykk i øvingstida, vert alle seminardeltarar oppmoda å bruke øvingslydfiler på nettsida til CyberBass til å førebu seg heime.

CyberBass - link: http://www.cyberbass.com/Major_Works/Bach_J_S/bach_js_xmas_orotorio.htm

 

Nokre video til inspirasjon:

Her kan du sjå videoopptak frå framføringa i 2012 der Volda kyrkjekor framførte Juleoratoriet i lag med Spjelkavik kyrkjekor. Solistane var Ragnhild Eide Akslen (sopran), Ragnhild Engeset (alt), Dirk Hauenschild (tenor) og Alf K. Vatne (bass). På orgelkrakken satt kantor Ola Eide (Spjelkavik kyrkje). Dirigenten var Bert Handrick, kantor i Volda, som også vil ha kunstnarisk ansvar for seminaret og konsertane i år.

J. S. Bach: Juleoratorium - kantate 1 (opptak frå Volda kyrkje 15. des. 2012)

 

Tidsplanen for korseminaret:

Alle øvingane vil foregå i Volda kyrkje frå kl. 19.30 til kl. 22.00.

  • onsdag 23. august 2023
    • 1. Jauchzet, frohlocket
    • 5. Wie soll ich dich empfangen
    • 9. Ach mein herzliebes Jesulein
    • 7. Er ist auf Erden (sopran-gruppe)
  • onsdag 6. september 2023
    • 36. Fallt mit Danken
    • 42. Jesus richte mein Beginnen
    • Wo ist der neugeborne König
    • 40. Wohlan, dein Name (sopran-gruppe)
  • onsdag 20. september 2023
    • 43. Ehre sei Dir, Gott, gesungen
    • 46. Dein Glanz all Finsternis
    • 53. Zwar ist solche Herzensstube
  • onsdag 4. oktober 2023
    • 54. Herr, wenn die stolzen Feinde
    • 59. Ich steh an deiner Krippen
    • 64. Nun seid ihr wohl gerochen
  • onsdag 18. oktober 2023
    • 36. Fallt mit Danken
    • 42. Jesus richte mein Beginnen
    • 45. Wo ist der neugeborne König
  • onsdag 1. november 2023
    • 43. Ehre sei Dir, Gott, gesungen
    • diverse andre satsar
  • onsdag 15. november 2023
    • 54. Herr, wenn die stolzen Feinde
    • 36. Fallt mit Danken
    • 64. Nun seid ihr wohl gerochen
    • diverse andre satsar
  • onsdag 29. november 2023
    • 1. Jauchzet, frohlocket
    • 43. Ehre sei Dir, Gott, gesungen
    • 54. Herr, wenn die stolzen Feinde
    • andre satsar som treng oppfriskning og sikring
  • onsdag 6. desember 2023
    • satsar etter behov
  • torsdag 7. desember 2023 - øving med orkester
  • fredag 8. desember 2023 - øving med solistar og orkester
    • tidplanen og øvingsinnhald vert kunngjort på eit seinare tidspunkt
  • laurdag 9. desember 2023 - forkorta generalprøve + 1. konsert i Volda kyrkje
    • tidplanen og øvingsinnhald vert kunngjort på eit seinare tidspunkt
    • konsert frå kl. 19.00 til ca. 21.00
  • søndag 10. desember 2023 - kort øving + 2. konsert i Molde domkyrkje
    • tidplanen og øvingsinnhald vert kunngjort på eit seinare tidspunkt
    • konsert frå kl. 18.00 til ca. 20.00

 

Kontakt via Facebook og Messenger:

Nærmare informasjon og aktualiseringar om øvingsinnhald og viktige linkar o.l. blir delt også på Facebooksida til Sunnmøre Oratoriekor.

Leit opp «Sunnmøre Oratoriekor» og klikk på «Like»!

Alle dei som vil melde seg på kan også få informasjon tilsendt via Messenger.

 

Om dirigenten og seminarleiaren

Bert Handrick er ein norsk komponist og kyrkjemusikar med tysk opphav. Han kom til Volda i 2008 for å jobbe som kantor i "Sunnmørskatedralen".

Han har mastergrad i komposisjon ifrå musikkhøgskulen i heimbyen sin, Dresden. Etter studiet jobba han som musikkviter ved Dresdner Zentrum für zeitgenössische Musik (Dresden sentrum for samtidsmusikk), som dosent for musikkteori og analyse ved musikkhøgskulen og som piano- og orgellærar ved Kamenz musikkskulen.  Eit stipend frå det japanske kulturdepartementet gav han moglegheit til å studere eitt heilt år ved State University of Music and Fine Arts i Tokyo. Etter å ha kome heim til Dresden, byrja han å studere kyrkjemusikk ved Høgskulen for kyrkjemusikk. Masterstudiet han gjekk der på, inneheld i tillegg til orgelspel og korleiing også faget orkesterdireksjon.

Deretter jobba han i knapt to år som kantor i Geithain, ein liten by midt i delstaten Sachsen, før han kom til Volda. I denne korte tida dirigerte han slike store korverk som Juleoratoriet av J. S. Bach og Carmina Burana av C. Orff, sistnemnte under ein sommarfestival.

I Volda tok han over ein rik konserttradisjon som Volda kyrkjekor hadde etablert over mange år. Juleoratoriet blei framført mange gongar under hans leiing, men også J. S. Bach sin Matteuspasjon, A. Dvorak sitt Stabat Mater og G. Fauré sitt Requiem.

 

Vel møtt til ei unik koroppleving!

Tilbake