Konfirmantåret 23/24


Her finn du oversikta over konfirmantåret 2023/2024. 

Informasjonsmøte

Foreldre og framtidige konfirmantar vart inviterte til informasjonsmøte i veke 23. Invitasjon vart send ut i posten til alle registrerte medlemmer fødde i 2009. 

 

Påmelding

Påmeldinga skjer på nett. Påmeldingsskjemaet er felles for alle sokna og opna 6. juni. Påmeldinga er open fram til 24. september.  Påmeldinga finn du her. Når påmeldingsfristen går ut, byrjar vi arbeidet med å setje opp grupper og gå gjennom planen for konfirmasjonsgudstenestene i 2024. I løpet av kort tid får alle påmelde ein e-post med oppdatert informasjon. 

 

Konfirmasjonsdatoar 2024

Volda: Laurdag 31. august, søndag 1. september, laurdag 7. september
Dalsfjord: Laurdag 31. august
Kilsfjord: Søndag 1. september
Hornindal: Laurdag 7. september
Austefjord: Søndag 8. september
Storfjorden: Søndag 8. september

 

Konfirmanttida

 

Oppstart

Konfirmantåret startar i oktober 2023. Alle konfirmantane i sokna i Volda møtest til felles avspark på Uppheim og i Volda kyrkje laurdag 21. oktober klokka 12–17. 

 

Presentasjonsgudstenester

Søndagane før og etter avspark held vi presentasjonsgudstenester i alle kyrkjene der kyrkjelyden får møte årets konfirmantar og be for dei. Til presentasjonsgudstenestene er føresette og fadrar også inviterte. Presentasjonsgudstenestene skjer etter følgjande skjema:

Storfjorden sokn: Bjørke kyrkje, søndag 15. oktober kl. 11
Hornindal sokn: Hornindal kyrkje, søndag 22. oktober kl. 11
Dalsfjord sokn: Dalsfjord kyrkje, søndag 22. oktober kl. 11
Volda sokn: Volda kyrkje, søndag 22. oktober kl. 11
Kilsfjord sokn: Kilsfjord kyrkje, søndag 29. oktober kl. 11
Austefjord sokn: Austefjord kyrkje, søndag 12. november kl. 11

 

Lysmesse

I adventstida held vi lysmesser i alle kyrkjene våre, der konfirmantane tek del. Siste undervisningssamlinga før lysmessa vil vere undervisning om gudstenesta og øving til lysmessa. I Austefjord og Storfjorden vert lysmessa kombinert med andre tiltak i kyrkjelyden. 

Austefjord sokn: Austefjord kyrkje, søndag 3. desember kl. 16
Hornindal sokn: Hornindal kyrkje, søndag 3. desember kl. 19
Volda sokn: Volda kyrkje, søndag 3. desember kl. 19
Storfjorden sokn: Bjørke kyrkje, søndag 10. desember kl. 11
Dalsfjord sokn: Dalsfjord kyrkje, søndag 10. desember kl. 16
Kilsfjord sokn: Kilsfjord kyrkje, søndag 10. desember kl. 20

 

Undervisning

Undervisninga skjer gjennom seks samlingar etter skuletid frå november til mai. Konfirmantane frå Kilsfjord deltek i undervisninga i Volda. Konfirmantane frå Austefjorden og Storfjorden har undervisning saman med Hornindals-konfirmantane i Hornindal. 

 

Gudstenester

I tillegg er konfirmantane med som medhjelparar eller deltakarar på ti gudstenester gjennom året. Dei har også oppgåver i trusopplæringa som leiarar for yngre born. I veka før påske deltek dei i fasteaksjonen og er med på å samle inn pengar til Kirkens nødhjelp.

 

Konfirmantleir

Torsdag 27. juni til søndag 30. juni 2024 vert konfirmantundervisninga avslutta med konfirmantleir for alle konfirmantane på Kjeldsund leirstad i Herøy. Leiren vert avslutta med samtalegudsteneste der foreldre og familie er inviterte til å vere med. 

 

Kontakt

Kyrkjelydspedagog Martine Hjertvik Urke har ansvaret for konfirmantåret frå 1.1.2024. Elles er sokneprestane med i gudstenester, i undervisning og på leir, og resten av staben og ei lang rad frivillige er med når det trengst. Kontaktinfo til kyrkjekontoret og alle våre tilsette finn de her. 

 

Vel møtt til konfirmantåret 2023/2024!

Tilbake