Til deg som går i 2. og 3. klasse på Mork skule.
Hei, no har det vokst bra i potetåkeren vår på garden til Oddrun Årflot, det vert spennande å sjå kva som ligg under jorda! Dette og andre ting som vi har planlagt, skal vi finne ut av saman. Vi skal leike og lære og finne ut kva som skjedde då Jesus velsigna maten. Og får vi tid skal vi lage noko. Denne gongen blir maten ei ”skattekiste” på bålet. Då vert vi alle gode og mette:) Var du ikkje med i vår, er du likevel vel møtt!
Vi hentar dykk på skulen kl. 13:45. Vi går saman til Mork Ungdomshus og startar programmet vårt der. Vi blir også ute på garden vi var på i vår etter å ha vert på ungdomshuset. Hugs lue, varm genser, regnklede, regnbukse og støvlar denne dagen!
Det skjer noko meir og:
Søndag 1. oktober kl. 11 er det hausttakkefest i Volda kyrkje, då kan vi alle få vere med! Dei som vil kan ta med seg litt frukt, grønsakar og/eller blomstrar i ei korg eller liknande, så ber vi det fram i kyrkja og pynter altaret saman. Det blir så flott! Etter gudstenesta har speidarane kyrkjekaffi /te/saft i Uppheimsparken, der deler vi frukta og grønsakene. Speidarane i Volda har og aktivitetar for dei som vil.
TIL FORELDRA:
Vi treng litt ekstra hjelp. Om nokon har høve, så blir vi veldig glade. Det kan gjerne vere besteforeldre eller fadrar. Oppgåva er å følgje ei gruppe til dei ulike aktivitetane som er leia av ein frå kyrkja. Til dette treng vi 4 ( kan vere fleir og) I tillegg treng vi ein som kan vere vakt ved toalettet. (Der det ikkje skal vere nøkkel, så ingen skal vere uheldige å ikkje få opp døra.)
PÅMELDING:
Send sms til 488 93 986 Mathias Andersen
Skriv SKAPT Mork og deltakars namn.
NB! Veldig lurt å melde seg på med ein gong, så blir det ikkje gløymd!
Helsing
Volda kyrkjelyd ved Mathias Andersen, Wendi Stråbø, Erlend Koppen, Marie Fløtre Dahl, Maria Burianova og Ragnhild Wirak
Om det er noko de lurar på, send sms til Mathias (488 93 986).