Førjulskonsert med STEMT


Koret STEMT er attende i Volda kyrkje og held førjulskonsert tysdag 28. november kl. 20. Vel møtt!

Koret har plukka fram eit variert repertoar av songar som spenner frå det klassiske til det meir folkelege og populærkulturelle. Dei gler seg til å gå inn i adventstida saman med oss med ein konsert full av musikk dei er glade i. Konserten har fått namnet «Ventetid», for jula er framleis litt i det fjerne, men koret håpar denne kvelden kan vere eit pustehol i mørketida, og at musikken kan gje  ei kjensle av ettertanke, håp og glede denne novemberkvelden.

Stemt er eit blandakor med songarar frå Ørsta og Volda, leia av dirigent Siv Aurdal. 

Billettar vert selde i døra. Velkomen!

Tilbake