Lys Vaken 2025 i Volda


Lys Vaken 2025 i Volda


Er du 12 år i 2025? Vil du vere med på overnatting i kyrkja med aktivitetar og mykje spennande? Meld deg på Lys vaken 15.-16. mars!

15.-16. mars er det felles Lys vaken-arrangement i Volda kyrkje for borna frå Volda, Kilsfjord og Dalsfjord. Invitasjonar er sende ut i posten til alle med fødselsår 2013 som står som medlemmer, men alle frå årskullet er velkomne til å melde seg på! I Hornindal, Austefjord og Storfjorden er det Lys vaken i september. 

I jula feira vi at Jesus vart fødd. I tida etterpå handlar gudstenestene i kyrkja om å lære meir om kven Jesus er. Under Lys vaken kan borna verte meir kjende med Jesus, kyrkja, folka som er der, seg sjølv og venene sine.

 

Rammer

Vi skal ha aktivitetar, oppgåver, leikar, songar. Vi startar laurdag kl. 16 med oppmøte på Uppheim. Då skal vi verte kjende, utforske kyrkja, ete saman, planlegge søndagsgudstenesta og altså overnatte i kyrkja. På søndag er det frukost og gudsteneste kl. 11 med kyrkjekaffi på Uppheim etterpå. Sysken og føresette er hjarteleg velkomne på gudstenesta – kanskje er dette også ein dag for å invitere med seg fadderane?

 

Praktisk informasjon

Dersom det er noko vi bør vite om for at det skal vere fint å vere med, gje beskjed om det i forkant av arrangementet. Det er mange vaksne, både frivillige og tilsette med undervegs. Dersom føresette har lyst til å bidra, som t.d. å bake noko eller ha ei praktisk oppgåve i løpet av helga, skriv ein det på påmeldinga. Når arrangementet nærmar seg, får deltakarane tilsendt meir detaljert informasjon.

 

Påmelding

Ein melder på barnet ved å sende ein epost til af729@kyrkja.no med følgjande opplysningar:

"Påmelding Lys Vaken"

  • Namn deltakar
  • Telefonmummer
  • Kontaktinfo til tilgjengeleg føresett under arrangementet
  • Vi kan hjelpe til på arrangemantet med
    • Aktivitetar laurdag
    • Matlaging - middag/kvelds laurdag
    • Legging
    • Nattevakt
    • Matlaging - frukost søndag
    • Anna

Vi ynskjer å ha påmeldingane innan onsdag 12. mars.

Alle påmelde får deretter meir utfyllande informasjon.
Følg også med på denne sida for oppdatert informasjon om arrangementet.

 

 

Tilbake