Volda kyrkjekor - repertoaret våren 2024


Volda kyrkjekor er godt i gang med øvingane sine for vårsemesteret. - I denne artikkelen ligg meir informasjon om repertoaret saman med lydfiler som er tenkt kun til øving heime. (Artikkelen vert oppdatert fortløpande.)

Koret sitt første opptreden vert i gudsteneste på oskeonsdag 14. februar.

M.a. har kantoren plukka ut den kjente Luther-salmen "Vår Gud han er så fast ei borg" til denne gudstenesta. Koret skal syngje den fleirstemt: dei første 3 vers med sats frå Heinrich Schütz og vers 4 med sats frå Stephanus Mahu. Sist nemnde Mahu var tidsvitne til reformasjonen, men levde på den "andre sida" av reformasjonen - i Wien. Heinrich Schütz derimot levde omtrent 100 år seinare. Han var ein trufast tilhengar av Luther sitt tankegods og blei ein av dei leiande musikarane som hadde sterk påverknad på den evangelisk-lutherske kyrkjemusikktradisjonen.

 

Heinrich Schütz (1585 - 1672): Vår Gud han er så fast ei borg (SATB):

Eit inntrykk av Schütz sin sats får du her: https://youtu.be/6KqEWNXU5Tk

Øvingsfil sopran: https://youtu.be/6KqEWNXU5Tk

Øvingsfil alt: https://youtu.be/GZVGoaAij0A

Øvingsfil tenor: https://youtu.be/IORCUoXwtWg

Øvingsfil bass: https://youtu.be/a9SslHNG2IE

 

Stephanus Mahu (ca. 1485 - 1541?): Vår Gud han er så fast ei borg (SATBB):

Her kan ein få eit inntrykk av heile satsen: https://youtu.be/WCIHucZsNaA (MIDI-fil).

Og slik høyrest det ut når ei profesjonell vokalgruppe framførar satsen: Calmus Ensemble, Leipzig (klikk på lenken).

Øvingsfil til sopran-gruppe: https://youtu.be/ncYy0exGp5U

Øvingsfil til alt-gruppe: https://youtu.be/x44W-Mf0BMQ

Øvingsfil til tenor-gruppe: https://youtu.be/WCIHucZsNaA

Øvingsfil til bass 1-gruppe: https://youtu.be/L53G9HSb2hw

Øvingsfil til bass 2-gruppe: https://youtu.be/qdwp-cLl-_8

Tilbake