Vel møtt til ein stor og viktig dag i Hornindal kyrkje søndag 1.desember kl 1100!
Frå 1.januar 2020 vert Hornindal og Volda kommune slått saman til nye Volda kommune. Hornindal sokn går samstundes frå å vere ein del av Bjørgvin bispedømme og Nordfjord prosti til å verte ein del av Møre bispedømme og Søre Sunnmøre prosti.
Komande søndag, 1. desember kl 1100, vert dette markert med ei stor festgudsteneste i Hornindal kyrkje. Biskopane Ingeborg Midttømme (Møre) og Halvor Nordhaug (Bjørgvin) tek del, saman med ordførar Sølvi Dimmen, og frivillige og tilsette frå kyrkjelydane i nye Volda. Etter gudstenesta er alle invitert til kyrkjekaffi i Honndalshallen. Her vert det helsingar og kulturinnslag.
Vi håpar mange finn vegen til Grodås og Hornindal kyrkje denne adventssøndagen for å markere ein ny kyrkjefellesskap i nye Volda!
(bilete av kyrkja: Honndalsportalen)