Bur du i Austefjord og er fødd i 2008, 2009 og 2010? Eller bur du Volda og er fødd i 2008?
Då er DU invitert til Lysvaken - overnatting i kyrkja!
Det går av stabelen 25. til 26. januar i Austefjord og 8. til 9. februar i Volda.
Helga er spekka med masse kjekt: oppdagingstur i kyrkja sine ukjente krokar, god mat, filmkos, andakt, Lysvakensongen og ikkje minst å ligge over i kyrkja + mykje meir!
LysVaken startar på laurdag ettermiddag. Vi heldt på med masse kjekt program til kvelden kjem og vi overnattar i kyrkja.
Søndag kl. 11 lagar vi gudsteneste saman og feirar denne saman med familiene, vener og mange andre.
Gudstenesta og kyrkjekaffien etterpå er avslutninga på Lysvakenhelga.
Har DU lyst til å delta på LysVaken? Snakk med dei vaksne i huset og be dei melde deg på.
For Lysvaken i Austefjord 25. til 26.januar melder du deg på her, saman med dine føresette - innan 20.januar.
For Lysvaken i Volda 8. til 9.februar melder du deg på her, saman med dine føresette - innan 3.februar..jpg?ver=2020-01-14-160835-853)
Vil du høyre Lysvakensongen allereie no? Gå inn på: https://www.youtube.com/watch?v=TSj7xItpHHY.
Vi gler oss til ein kjekk helg saman med DEG!