12-konserten: Grimstadkoret


12-konserten: Grimstadkoret


Grimstadkoret til 12-konserten i Volda komande laurdag

Koret kjem frå Grimstad-grenda i Hareid kommune og vart skipa i 1942. I byrjinga var det nokre unge gutar i grenda som danna ein dobbelkvartett med namnet «Storm». Ved eit TV-opptak i NRK eitt par tiår seinare, vart namnet endra til «Grimstadkoret». Etter kvart kom det fleire med i flokken, og desse fordelte seg naturleg på dei ulike stemmene. I dag tel koret 18–20 songarar, dei fleste bur i Hareid og bygdene rundt. Songarane er i slekt med kvarandre, og (nesten) alle har etternamnet Grimstad. 

Grimstadkoret er kjent for malmfull klang og dyktige solistar. Frå gamalt har det vore ein sterke songtaradisjonar i Grimstad-grenda.  Mange vil hugse Johan H. si varme bassrøyst, like eins den malmfulle barytonstemma til Erling, og ikkje minst Kjartan sin klokkeklare tenor. Både Johan og Kjartan er gått bort no, men fleire yngre songarar og solistar bringar stafettpinnen vidare, noko tilhøyrarane får oppleve i 12-konserten laurdag 18. januar. 

Repertoaret er henta frå den klassiske mannskorlitteraturen. Fleire av songane er komponerte og arrangerte av multikunstnaren Johan H. Frå starten av var han dirigent og øvde inn eit stort repertoar av norske, nordiske og europeiske komponistar. Tidsspennet er frå renessansen og fram til vår eiga tid. I dag er det Arild Grimstad som er koret sin dirigent.  

Det er laga ein CD frå eit opptak på 60-talet som no er lagt ut på YouTube. Opptaka kan ein finne der ved å søkje på platetittelen, som er «Høgtid». 
 

Tilbake