Velkomen som konfirmant 2025!


Vil du vere konfirmant i Den norske kyrkja i 2025? Er du heilt sikker? Lurer du litt? Vil du finne ut kva dette er? Då er du velkomen til informasjonsmøte i juni!

Informasjonsmøte

Vi ynskjer alle som er fødde i 2010 med foreldre velkomne til informasjonsmøte om konfirmasjon.

Følgjande datoar er sett opp:

Hornindal, Storfjorden, Austefjord: 4.juni kl. 18.00-19.00 i Hornindal kyrkje

Volda og Kilsfjord: 5.juni kl. 18.00-19.00 på Uppheim

Dalsfjord: 6.juni kl. 18.00-19.00 i Dalsfjord kyrkje

 

Påmelding

Påmeldinga skjer på nett. Påmeldingsskjemaet er felles for alle sokna og opnar onsdag 5. juni klokka 19. Påmeldinga er open fram til 15. august. Påmeldinga finn du lenke til her når ho opnar. Når påmeldingsfristen går ut, byrjar vi arbeidet med å setje opp grupper og gå gjennom planen for konfirmasjonsgudstenestene i 2025. I løpet av kort tid etter fristen får alle påmelde ein e-post med oppdatert informasjon. 

 

Konfirmasjonsdatoar 2025

Volda: Laurdag 6. september, søndag 7. september, laurdag 13. september
Kilsfjord: Laurdag 6. september
Dalsfjord: Søndag 7. september
Austefjord: Laurdag 13. september
Storfjorden: Laurdag 13. september
Hornindal: Søndag 14. september

 

Konfirmanttida

 

Oppstart

Konfirmantåret startar i oktober 2024. Alle konfirmantane i sokna i Volda møtest til felles avspark på Uppheim og i Volda kyrkje laurdag 19. oktober klokka 12–17. 

 

Presentasjonsgudstenester

Søndagane før og etter avspark held vi presentasjonsgudstenester i alle kyrkjene der kyrkjelyden får møte årets konfirmantar og be for dei. Til presentasjonsgudstenestene er føresette og fadrar også inviterte. Presentasjonsgudstenestene skjer etter følgjande skjema:

Volda sokn: Volda kyrkje, søndag 20. oktober kl. 11
Kilsfjord sokn: Kilsfjord kyrkje, søndag 20. oktober kl. 11
Austefjord sokn: Austefjord kyrkje, søndag 20. oktober kl. 11
Dalsfjord sokn: Dalsfjord kyrkje, søndag 20. oktober kl. 19
Hornindal sokn: Hornindal kyrkje, søndag 27. oktober kl. 11
Storfjorden sokn: Bjørke kyrkje, søndag 3. november kl. 11

 

Lysmesse

I adventstida held vi lysmesser i alle kyrkjene våre, der konfirmantane tek del. Siste undervisningssamlinga før lysmessa vil vere undervisning om gudstenesta og øving til lysmessa. I Austefjord og Storfjorden vert lysmessa kombinert med andre tiltak i kyrkjelyden. 

Austefjord sokn: Austefjord kyrkje, søndag 1. desember kl. 16
Volda sokn: Volda kyrkje, søndag 1. desember kl. 19
Storfjorden sokn: Bjørke kyrkje, søndag 8. desember kl. 11
Kilsfjord sokn: Kilsfjord kyrkje, søndag 8. desember kl. 16
Hornindal sokn: Hornindal kyrkje, søndag 8. desember kl. 19
Dalsfjord sokn: Dalsfjord kyrkje, søndag 8. desember kl. 20
 

Undervisning

Undervisninga skjer gjennom  samlingar etter skuletid frå november til mai. Konfirmantane frå Kilsfjord deltek i undervisninga i Volda. Konfirmantane frå Austefjorden og Storfjorden har undervisning saman med Hornindals-konfirmantane i Hornindal. Alle konfirmantane vert i tillegg samla til felles undervisningsdag på Uppheim i Volda laurdag 11. januar.

 

Gudstenester

I tillegg er konfirmantane med som medhjelparar eller deltakarar på ti gudstenester gjennom året. Dei har også oppgåver i trusopplæringa som leiarar for yngre born. I veka før påske deltek dei i fasteaksjonen og er med på å samle inn pengar til Kirkens nødhjelp.

 

Konfirmantleir

Torsdag 26. juni til søndag 29. juni 2025 vert konfirmantundervisninga avslutta med konfirmantleir for alle konfirmantane på Kjeldsund leirstad i Herøy. Leiren vert avslutta med samtalegudsteneste der foreldre og familie er inviterte til å vere med. 

 

Kontakt

Kyrkjelydspedagog Martine Hjertvik Urke har ansvaret for konfirmantåret. Elles er sokneprestane med i gudstenester, i undervisning og på leir, og resten av staben og ei lang rad frivillige er med når det trengst. Kontaktinfo til kyrkjekontoret og alle våre tilsette finn de her. 

 

Vel møtt til konfirmantåret 2024/2025!

Tilbake