Bli med på ungdomsutveklsingar med fokus på friluftsliv!


Bli med på ungdomsutveklsingar med fokus på friluftsliv!


Volda kyrkjelege fellesråd samarbeider med ein tysk og to belgiske organisasjonar om tre ungdomsutvekslingar med tema friluftsliv. Vi har framleis 1 - 2 ledige plassar. Så om dette er av interesse, ta kontakt med kyrkjeverje Jostein Stråbø tlf 91663549 så snart som råd!

Kvart land har 8 deltakarplassar slik at det totalt vert 24 deltakarar i alderen 14-17 år. Speidarane og deltakarane på MILK-kurs har hatt prioritet, men vi har framleis ein til to plassar ledige, så det er mogeleg å henge seg på! Prosjektet er støtta av Erasmus+ Ungdom. Hovudfokus for ungdomsutvekslingane er friluftsliv og det å lære meir om ulike aktivitetar på ulike årstider, overnatting ute, matlaging ute og overlevingsteknikkar.

Målet er at deltakarane skal auke kunnskapen sin og kunne leie andre på turar og aktivitetar i naturen. Etter siste utveksling skal kvar av deltakargruppene arrangere ein tredagars leir for andre ungdomar der dei bruker kunnskapen frå utvekslingane.

Arbeidsspråket på ungdomsutvekslingane er Engelsk så dette er òg eit godt høve til å praktisere og bli tryggare på å bruke Engelsk. Dei to gruppeleiarane vi har med på utvekslingane snakkar norsk..

 

Ungdomsutveksling 1: 20.-28. juli 2024 i Tyskland

Kanotur over fleire dagar med overnatting på ulike leirplassar

Samlinga er lagt til eit innsjøområdet nær Schwerin i Mecklenburg nord i Tyskland.

Fokus på: Friluftsliv, vatn, kano og camping

Tema:

  • Bli kjent-aktivitetar
  • Gruppebygging
  • Kvifor likar vi å bruke tid i naturen
  • Kvifor er det bra å bruke tid i naturen
  • Prøve ut ulike friluftlivsmetodar

 

Ungdomsutveklsing 2: 28.12.2024 – 04.01.2025

Vinterleir i Norge på Fagerhøi, Gudbrandsdal leirskule i Sør-Fron.

Fokus på: Friluftsliv, vær, vinter, ski og overnatting ute

Tema:

  • Skitrening
  • Leikar og aktivitetar i snøen
  • Bål om vinteren
  • Overnattingsmetoder om vinteren
  • Trykkleik- og overlevingsteknikkar
  • Deltakarane frå kvar land skal utvikle sitt eige program for ein tredagars leir for andre ungdomar. Denne leiren skal gjennomførast i 2025, etter siste ungdomsutveksling. 
  • Deltakarne får opplæring i korleis dei kan jobbe saman og planlegge denne tredagarsleiren 

 

Ungdomsutveklsing 3: 13. – 20.juli 2025 i Belgia

Sommaraktivitetar skogen

Samlinga vil bli delt med nokre dagar på kvar av to ungdomssenter i Belgia, Centre Loryhan i Botassart og Le Fagotin i Stoumont

 

Utprøving og presentasjon av planane for tredagars-leiren dei nasjonale gruppene planlegg

Kva nasjonalgruppe lagar halvdags friluftsprogram for dei andre deltakarane

Fokus på: Friluftsliv, skog, evaluering og idear til framtidige samarbeid

Tema:

  • Aktivitetar i skogen
  • Korleis leie ein aktivitet,
  • Korleis halde ein presentasjon
  • Korleis leie ei gruppe
  • Prøve ut metodar og aktivitet som er planlagd til tre dagars-leiren på dei andre deltakarane og få tilbakemeldingar
  • Endeleg presentasjon av dei nasjonale gruppene sin leirplanar med tilbakemeldingar frå dei andre deltakarane

Etter siste ungdomsutveksling:

Tredagarsleir i kvart land arrangert av kvar nasjonalgruppe i løpet av 2025.

Dei nasjonale gruppene sluttfører planlegginga av og gjennomfører tredagarsleiren for ungdom i sin organisasjon/sitt heimeområde. Gruppeleiarane støttar dei i arbeidet med leiren

Etter leiren samlast nasjonalgruppa saman med gruppeleiarne for å evaluere og reflektere over kva dei har kva dei har lært av aktiviteten og erfaringane, både dei god og dårlege.

I eit siste digitalmøte møtast deltakarane frå alle dei tre landa for å fortelle om tredagarleirene og   erfaringane dei har gjort, og for å feire eit vellukka Erasmus+ prosjekt.

Alle deltakarane får YouthPass som ein dokumentasjon på deltakinga i Erasmus+ prosjektet.

Nasjonalgruppene har eit sistemøte for å evaluere heile prosjektet og for å tenkje ut idear til nye samarbeidsprosjekt.

Eigenbetaling

Prosjektet er støtta av Erasmus+ Ungdom som dekkjer det meste av kostandane. Reise, opphald og mat vert dekkja. Det er ei deltakaravgift på €150 ( for tida kr. 1.765 ) som gjeld deltaking på alle dei tre ungdomsutvekslingane. Dette vert kravd inn lokalt i kvart land.

Utstyrsliste

Det vert utarbeidd utstyrsliste for kvar utveksling.

Førebuande møte

Før første utveksling vert det halde eit lokalt møte for den nasjonale gruppa og eit internasjonalt Zoom-møte for alle deltakarane. Desse møta er ein del av førbuinga av utvekslinga

Påmelding

Meld deg på ved å fylle ut påmeldingsskjemaet

Tilbake