Volda kyrkjekor som kjernekor i Sunnmøre Oratoriekor inviterer i haust igjen til eit korseminar om eit av dei mest populære og storslagne kyrkjemusikkverk - Johann Sebastian Bach sitt Juleoratorium (kantatene 1 - 3). Konsertane vert 14. desember i Volda kyrkje og 15. desember i Spjelkavik kyrkje.
Volda kyrkjekor som er kjernen og initiativtakar i Sunnmøre Oratoriekor, inviterer igjen til eit korseminar for kor, enkeltkorsongarar og songglade folk med eller utan korerfaring i regionen Sunnmøre. Målet er å framføre dette storslåtte verket i Volda kyrkje og Spjelkavik kyrkje laurdag og søndag 3. advent i år.
Invitasjonen gjeld både unge og vaksne. Planen er å leggje tilrette for at barn og unge også få moglegheita til å vere med å syngje dette flotte verket.
I år har vi to samarbeidskor med oss: Borgund kyrkjekor og Spjelkavik kyrkjekor. Dette sett vi stor pris på sidan det løftar musikk- og kulturmiljøet på Sunnmøre.
Solistane i år er Louise Engeseth (sopran), Ragnhild Engeset (alt), Magnus Fremstad (tenor) og Magne Fremmerlid (bass).
Oppstart:
Seminaret vil ha oppstart i Volda kyrkje på onsdag 18. september 2024 frå kl. 19.30 til kl. 22.00, og skal foregå i Volda kyrkje annakvar onsdag same stad og same tid. I sluttfasen vil vi samle alle deltakarar til fellesøving med solistane og orkesteret for så å framføre resultatet i to konsertar i Volda kyrkje og i Spjelkavik kyrkje.
Påmelding:
Er du interessert? Har du lyst til å oppleve noko stort i lag med andre korentusiastar frå regionen din? Syng du i kor - blanda kor, damekor, mannskor, barnekor eller ungdomskor - eller er berre glad i å syngje, så meld deg på!
Du melder deg på i det du sender e-post til kantor@volda.kyrkja.no med følgjande opplysningar (du kan kopiere dette skjemaet og fylle ut):
- fornamn, etternamn
- adresse
- mobilnr., e-post-adresse
- stemmegruppe (skriv om du syng sopran, alt, tenor eller bass)
- om erfaring med korsong (stryk det som ikkje gjeld deg):
- Eg er medlem i koret …. (skriv namnet til koret her).
- Eg syng ikkje i kor for tida, men har vore med i koret … (skriv namnet til koret her).
- Eg har ingen erfaring med korsong, men er glad i å syngje og har god songstemme.
Deltakaravgift:
Deltakaravgift er på NOK 500,-. Du vil få ein faktura saman med bekrefting på påmeldinga di i retur på påmeldings-e-posten din.
Notemateriale:
Vi brukar urtekst-utgåva til verket som arbeids- og framføringsmaterialet. Om du ikkje har denne utgåva frå før, må du bestille den sjølv.
Spesifikasjonar:
Johann Sebastian Bach: Weihnachtsoratorium (Juleoratorium)
Bärenreiter-Verlag (utgåvenummer: BA05014-90)
ISMN: 9790006461660
pris: Euro 14,95 (ca. 150,- kr + frakt og avgift)
Øvingslydfiler på nett:
For å bruke mest mogleg tid på musikalsk uttrykk i øvingstida, vert alle seminardeltarar oppmoda å bruke øvingslydfiler på nettsida til CyberBass til å førebu seg heime.
CyberBass - link: http://www.cyberbass.com/Major_Works/Bach_J_S/bach_js_xmas_orotorio.htm
Nokre video til inspirasjon:
Her kan du sjå videoopptak frå framføringa i 2012 der Volda kyrkjekor framførte Juleoratoriet i lag med Spjelkavik kyrkjekor. Solistane var Ragnhild Eide Akslen (sopran), Ragnhild Engeset (alt), Dirk Hauenschild (tenor) og Alf K. Vatne (bass). På orgelkrakken satt kantor Ola Eide (Spjelkavik kyrkje). Dirigenten var Bert Handrick, kantor i Volda, som også vil ha kunstnarisk ansvar for seminaret og konsertane i år.
J. S. Bach: Juleoratorium - kantate 1 (opptak frå Volda kyrkje 15. des. 2012)
J. S. Bach: Juleoratorium - kantate 2 (opptak frå Volda kyrkje 15. des. 2012)
J. S. Bach: Juleoratorium - kantate 3 (opptak frå Spjelkavik kyrkje 16. des. 2012)
Tidsplanen for korseminaret:
Alle øvingane vil foregå i Volda kyrkje frå kl. 19.30 til kl. 22.00.
- onsdag 18. september 2024
- 1. Jauchzet, frohlocket
- 5. Choral: Wie soll ich dich empfangen
- 9. Choral: Ach, mein herzliebes Jesulein
- 7. Er ist auf Erden kommen arm (kun sopran-gruppe, difor i slutten av øvinga)
- onsdag 2. oktober 2024
- 12. Choral: Brich an, du schönes Morgenlicht
- 17. Choral: Schaut hin! dort liegt im finstern Stall
- 21. Ehre sei Gott
- 23. Choral: Wir singen dir in deinem Heer
- onsdag 16. oktober 2024
- 24. Herrscher des Himmels
- 26. Lasset uns nun gehen gen Bethlehem
- 28. Choral: Dies hat er alles uns getan
- 33. Choral: Ich will dich mit Fleiss bewahren
- 35. Choral: Seit froh, dieweil
- onsdag 30. oktober 2024
- 1. Jauchzet, frohlocket
- 9. Choral: Ach, mein herzliebes Jesulein
- 17. Choral: Schaut hin! dort liegt im finstern Stall
- 23. Choral: Wir singen dir in deinem Heer
- 12. Choral: Brich an, du schönes Morgenlicht
- onsdag 13. november 2024
- 26. Lasset uns nun gehen gen Betlehem
- 28. Choral: Dies hat er alles uns getan
- 33. Choral: Ich will dich mit Fleiss bewahren
- 35. Choral: Seid froh dieweil
- onsdag 27. november 2024
- 21. Ehre sei Gott
- 24. Herrscher des Himmels
- 5. Choral: Wie soll ich dich empfangen
- diverse andre koralar
- 7. Er ist auf Erden kommen arm (kun sopran-gruppe)
- onsdag 11. desember
- gjennomgang av alle satsar som krev litt meir øvingstid
- fredag 13. desember 2024 - øving med solistar + orkester
- tidplanen og øvingsinnhald vert kunngjort på eit seinare tidspunkt
- laurdag 14. desember 2024 - forkorta generalprøve + 1. konsert
- i Volda kyrkje
- tidplanen og øvingsinnhald vert kunngjort på eit seinare tidspunkt
- konsert frå kl. 18.00 til ca. 20.30
- søndag 15. desember 2024 - kort øving + 2. konsert
- i Spjelkavik kyrkje
- tidplanen og øvingsinnhald vert kunngjort på eit seinare tidspunkt
- konsert frå kl. 18.00 til ca. 20.30
Om dirigenten og seminarleiaren
Bert Handrick er ein norsk komponist og kyrkjemusikar med tysk opphav. Han kom til Volda i 2008 for å jobbe som kantor i "Sunnmørskatedralen".
Han har mastergrad i komposisjon ifrå musikkhøgskulen i heimbyen sin, Dresden. Etter studiet jobba han som musikkviter ved Dresdner Zentrum für zeitgenössische Musik (Dresden sentrum for samtidsmusikk), som dosent for musikkteori og analyse ved musikkhøgskulen og som piano- og orgellærar ved Kamenz musikkskulen. Eit stipend frå det japanske kulturdepartementet gav han moglegheit til å studere eitt heilt år ved State University of Music and Fine Arts i Tokyo. Etter å ha kome heim til Dresden, byrja han å studere kyrkjemusikk ved Høgskulen for kyrkjemusikk. Masterstudiet han gjekk der på, inneheld i tillegg til orgelspel og korleiing også faget orkesterdireksjon.
Deretter jobba han i knapt to år som kantor i Geithain, ein liten by midt i delstaten Sachsen, før han kom til Volda. I denne korte tida dirigerte han slike store korverk som Juleoratoriet av J. S. Bach og Carmina Burana av C. Orff, sistnemnte under ein sommarfestival.
I Volda tok han over ein rik konserttradisjon som Volda kyrkjekor hadde etablert over mange år. Juleoratoriet blei framført mange gongar under hans leiing, men også J. S. Bach sin Matteuspasjon, A. Dvorak sitt Stabat Mater og G. Fauré sitt Requiem.
Vel møtt til ei unik koroppleving!