Prestar med nye tenestestader


Constanze Lindner (48) vert ny sokneprest i Hornindal, Austefjord og Storfjorden. Per Kristian Hovden Sætre (40) tek over som sokneprest i Volda medan Kristian Myklebust (38) melder overgang til kyrkja i Ørsta. 

Bilete: Under feiringa av Volda kyrkje sitt 90-årsjubileum var f. v. Constanze Lindner, Johnny Leikvoll Drabløs, prost Ingeborg Matre, Kirstian Myklebust, Per Kristian Hovden Sætre og Ingrid Finsådal Bakke samla.

 

Til saman fire lokale prestar får nye tenestestader 1. september. Møre bispedøme gjer desse endringane for å bruke personalressursane betre og samstundes gjere nokre innsparingar. I tillegg til dei tre som endrar oppgåver i Volda, vil Espen Aarset få sokneprestansvar for Vartdal i tillegg til Hjørundfjord. 

Etter åtte år sluttar altså Kristian Myklebust av tenesta som sokneprest i Volda. Han går over til ei 40 %-stilling som kyrkjelydsprest i Ørsta kombinert med ei stilling som trusopplæringsprest finansiert av fellesrådet i Ørsta.

Constanze Lindner er kjend for mange i Volda som kateket gjennom ei årrekke. Ho går no inn i soknepreststillinga i Hornindal, Austefjord og Storfjorden. Ho er tilsett som prest under utdanning og har sett av tid i stillinga si til å gjere ferdig ein erfaringsbasert master i teologi. Når ho i 2026 er heilt ferdig med utdanninga, vil ho verte ordinert til prest. Denne hausten har ho full permisjon for å skrive masteravhandling. I denne perioden vil Ove Aksnes vikariere for henne. 

I løpet av hausten vil kyrkjelydane få høve til både å ta avskil med prestane dei har hatt og dei nye dei skal ta imot. Markeringane vil skje i samband med gudstenester. Vi kjem attende med datoar. 

– Vi trur at desse endringane vil vere gode både for kyrkjelydane og prestane. Eg ynskjer prestane lukke til med nye utfordringar og Guds velsigning over tenesta, seier Ingeborg Matre, prost i Søre Sunnmøre prosti.

 

Tilbake