Seint om kvelden, tysdag 30.juli, kom ein nøgd gjeng med ungdomar heim frå Tyskland. Åtte ungdomar og to leiarar frå Volda har i meir enn ei veke vore med på ei Erasmus + Ungdomsutveksling i Tyskland med tema friluftsliv og kanopadling.
På heimturen vart det tid til å bli kjent med Berlin. Frå venstre Maria Burinová (leiar), Helle Dalebø Mork, Amalie Hansen Haugen, Kamilla Paulen, Hannah Hansen Haugen, Kristian Kile-Ottesen, Luna Maria Smith Solheim, Sofie Caroline Pagliardi Nilsen og Matheo Vindfjell. Thilo Lindner (leiar) står bak kameraet.
Dette er den første av tre utvekslingar dei skal vere med på saman med ungdomar frå Tyskland og Belgia. Den neste er på Gudbrandsdal leirskule i nyårshelga og den siste i Belgia i juli neste år.
Volda kyrkjelege fellesråd samarbeider med ein tysk og to belgiske organisasjonar om å arrangere desse ungdomsutvekslingane. Målet er at dei 24 deltakarane skal auke kunnskapen sin om friluftsliv og lære å leie andre på turar og aktivitetar i naturen. Målgruppa er ungdom i alderen 14 -17 år. Utvekslingane er finansiert av EU-programmet Erasmus+ Ungdom.
Vi bruker utvekslingane som ein del av treninga av unge leiarar. Av dei åtte deltakarane er seks rekruttert frå KFUK-KFUM speidargruppa i Volda og to frå fjorårskonfirmantane.