Velkomen til kyrkja, førsteklassing!


Velkomen til kyrkja, førsteklassing!


Dei komande søndagane markerer vi skulestart i kyrkjene i Volda, og inviterer alle skulestartarar til FØRSTEKLASSES gudsteneste.

Vi i kyrkja synest det er stas å markere den store endringa i livet det er å byrje på skulen, og vi har difor invitert til FØRSTEKLASSES gudsteneste for alle skulestartarane i Volda kommune. Heile familien er sjølvsagt velkomne denne dagen. I gudstenesta får alle 6-åringane aktivitetsboka "alle gode ting". Boka inneheld mange kjekke aktivitetar og oppgåver. Etter gudstenesta vert det sporløp for alle!

Sjå under for oversikt over dag og dato for ditt sokn. Og skulle du ynskje å heller kome til ei anna kyrkje enn den du soknar til for å få bok, er det berre å møte opp!

 

18.august kl. 11.00: Hornindal kyrkje

18.august kl. 12.00: Ulvestadsætra (Dalsfjord)

25.august kl. 11.00: Volda, Kilsfjord og Austefjord kyrkjer

 

Vel møtt!

Tilbake