Mozarts Requiem – Sunnmøre Oratoriekor med nytt korseminar


Då Wolfgang Amadeus Mozart skreiv sitt Requiem, var han 35 år gammal og låg sjølv på dødsleie. Verket blei ikkje fullført. Franz X. Süssmmayr, elev av Mozart, tok seg av å skrive ferdig denne vakre komposisjonen i Mozarts ånd.

Sunnmøre Oratoriekor vil dermed invitere til eit nytt korseminar kring Mozarts Requiem. Seminaret vil finne stad dei første tre månadene i 2025 med konsert i Volda kyrkje 30. mars som del av Kyrkjemusikkveka. Lokale solistar og Orkesteret ved Høgskulen i Volda er samarbeidspartnarar.

Nokre ord i forkant…

Kvifor å framføre eit requiem i pasjons- og påsketida? Er dette ikkje noko som høyrer helgemessehelga til?... Ja, det er normalt sett slik. Ikkje alle komposisjonar i denne kategorien er foreinlege med Jesu liding, død og oppstode, men Mozart sin aller siste komposisjon er eit unntak, og det grunna verkhistorien.

Midt under arbeidet ved sitt requiem døyde komponisten. Manuskriptet som han etterlet seg, er berre eit fragment. Det manglar ikkje berre nokre satsar, men også vesentlege stemmar i orkestreringa: treblåsarar og messingblåsarar fants ikkje. Når ein ser på dette fragmentet utan å ta verket sin historie med i betraktning, er det likevel lett å skjønne at dette ikkje passar til Mozart sin stil for eit slik verk med soli og kor. Skulle dette verket altså få «livets rett», måtte nokon fullføre tankane og planane som Mozart hadde kring komposisjonen. Eleven hans, Franz Xaver Süssmayr, som også var musikalsk medhjelpar dei siste dagane Mozart hadde igjen å leve, visste betre enn nokon andre kva meistaren hadde tenkt og planlagt. Han fullførte komposisjonen slik vi kjenner den i dag: med to klarinettar, to fagottar, to høge trompetar, tre trombonar, pauke og strykarar i orkesterbesetninga og dei to siste satsane som Süssmayr «rekonstruerte» av motiv- og temamaterialet frå dei tidlegare satsane i verket. Sirkelen vart runda av. Livet vart runda av – men verket fekk si «oppstode» på denne måten og dermed fekk leve vidare. Det er denne tankegangen som gjer det mogleg å akseptere ideen om å plassere dette Requiemet midt i pasjons- og påsketida.

 

Om koret

Sunnmøre Oratoriekor har eksistert som prosjektkor sidan 2022 då koret hadde korseminar kring J. S. Bach sitt Juleoratorium. No vil prosjektkoret utvide horisonten med å jobbe seg inn i Wolfgang Amadeus Mozart sitt tonespråk.

Koristar og songglade folk frå regionen er hjerteleg velkomen til å melde seg på til dette seminaret (seminarprogrammet finn ein nedanfor).

 

Påmelding

Interesserte songarar skal sende e-post til kantor@volda.kyrkja.no for å melde seg på.

Ver snill og skriv:

  1. fult namn:
  2. stemmegruppe: (sopran, alt, tenor eller bass)
  3. e-post-adresse
  4. mobilnummer
  5. eventuell erfaring frå korsong (medlemskap i eit kor på nåverande tidspunkt eller tidlegare i livet, ikkje korerfaring, men god sangstemme og notekunnskap, berre interesse…)

 

Deltakaravgift er NOK 500,-.

Du vil få tilsendt faktura etter påmeldinga.

 

Påmeldingsfristen er 31. oktober 2024.

 

Notematerialet

Under seminaret og konserten brukar alle urtekst-utgåva etter Fr. X. Süssmayr sin versjon av verket.

Det vert anbefalt å bestille klaverutdrag sjølv – eller laste den ned frå følgjande nettside og printe den ut (då skal ein ha svart perm rundt).

Forlagutgåve:

https://www.baerenreiter.com/en/shop/product/details/BA4538_90/

Nedlasta utgåve:

https://ks15.imslp.org/files/imglnks/usimg/7/7e/IMSLP552996-PMLP2751-mozart_requiem_dark.pdf

 

Øving på eiga hand

Sidan verket har så pass mange satsar der heile koret er med, trengs eigenøving heime i tillegg til øving saman med alle deltakarar.

Bruk den internettbaserte øvingsplattforma «Cyberbass» til å førebu deg til ei kvar fellesøving.

https://cyberbass.org/Major_Works/Mozart_W_A/mozart_KV626_requiem.htm

Her kan du høyre alle stemmane samtidig for kvar sats (tutti) eller berre framheve di stemme (sopran, alt, tenor, bass). Då vil du høyre dei andre stemmane svakare i bakgrunnen.

Du kan også justere tempoet for avspelinga slik at du kan øve i sakte tempo også.

 

Opptak til inspirasjon

Det finns mange fine opptak både på YouTube, Spotify og andre mediar.

Her finn du eit videoopptak som ein godt kan bruke til inspirasjon.

https://www.youtube.com/watch?v=Dp2SJN4UiE4

 

Seminarplan for fellesøvingane

Stad:                   Volda kyrkje

Vekedag:           onsdag

Tidsrom:            kl. 19.30 – kl. 22.00

Unntak er spesifisert i planen nedanfor.

 

Onsdag 15. januar

              Introitus

              Kyrie (er musikalsk identisk med «Cum sanctis tuis» frå Communio)

Onsdag 22. januar

              Dies irae,

              Rex tremendae,

              Lacrimosa

Onsdag 29. januar

              Confutatis,

              Agnus Dei

Onsdag 12. februar

              Domine Jesu,

              Hostias

Onsdag 26. februar

              Sanctus,

              Benedictus

Onsdag 12. mars

              Communio (inkl. Cum sanctis tuis = Kyrie)

              Introitus

              Eventuelt andre satsar som treng meir øving

Onsdag 19. mars

              Dies irae,

              Kyrie (= Cum sanctis tuis)

              Confutatis

Torsdag 20. mars, kl. 19.00 – kl. 21.30 – Høgskulen i Volda (konsertsal i Kaarstad-bygget)

              Øving med orkester

Øvingsinnhald vert kunngjort undervegs.

Onsdag 26. mars

              Lacrimosa,

              Rex tremendae,

              Agnus Dei,

              Sanctus,

              Benedictus

Torsdag 27. mars, kl. 19.00 – kl. 21.30 – Høgskulen i Volda (konsertsal i Kaarstad-bygget)

              Øving med kor og orkester

Øvingsinnhald vert kunngjort undervegs.

Laurdag 29. mars, kl. 14.00 – kl. 17.00 – Volda kyrkje

              Øving med kor, solistar og orkester

Søndag 30. mars, kl. 15.00 – kl. 18.00 – Volda kyrkje

              Kort øving med kor, solistar og orkester

              Forkorta generalprøve

              Konsert kl. 19.00

Tilbake