Har du ein yndlingssalme med tema kring haust og ettertanke? Meld den inn til kantor Bert Handrick. Så skal vi syngje den i salmekvelden 26. oktober 2024.
Songarane i Volda kyrkjekor saman med kantor Bert Handrick og organist Morten Bollerud inviterer til salmekveld som skal vere prega av haustlege fargar og tema.
Dagane har blitt merkbart kortare. Lyset frå sola varmar mindre og mindre lufta og jorda. Den kalde årstida er rundt hjørnet, og vi byrjar å tenne lys i heimane våre. Vi minnest dei som har gått bort i løpet av året som har gått og samlar våre tankar i takksemd kring alt som vi har fått og alt som vi har fått til. Og så kjem adventstida…
Har du ein salme du likar veldig godt og ynskjer å syngje denne kvelden, så gje beskjed til kantoren via e-post: kantor@volda.kyrkja.no.
Vel møtt til ein haustfarga salmekveld i Volda kyrkje!