Velkomen til Dalsfjordleir 23.- 26. juni!


Velkomen til Dalsfjordleir 23.- 26. juni!


Er det utfordrande å sy saman sommarferien? Dalsfjordleiren kan hjelpe med det! Med varierte og kjekke aktivitetar har borna noko meiningsfullt å halde på med første veka i skuleferien. Bli med på leir!  

Dalsfjordleir er ein dagsleir som går føre seg første veka i skuleferien, og som har base på Dalsfjord skule. Vi har mange kjekke og varierte aktivitetar, og borna får utfolde seg i naturskjønne omgivnader, på kunstgrasbana og den flotte leikeplassen vår. Vi lærer kjekke songar og dansar, og får høyre spennande forteljingar om Gud.

Borna leverast om morgonen og hentast på ettermiddagen. Opningstida vår er 08.00-16.15, men kjernetida vert mellom kl. 09.00 og 15.30. I kjernetida har vi fastlagd program med aktivitetar som i stor grad kjem til å gå føre seg ute. Vi skal leike og ha det kjekt både på området og ute på tur, så alle må ta med seg utekle og ekstra skift kvar dag. Borna får servert varm lunsj alle dagane på leir. Torsdagen avsluttar vi leiren med ei gudsteneste for alle som vil vere med.

Målgruppa på Dalsfjordleir er frå fullført 1. klasse til fullført 6. klasse. Har du eldre born som ynskjer å vere med, er dei veldig velkomne til å vere med som unge leiarar.

TEMA for leiren i år er "Skapt av Gud". Det vert samlingar med andakt, bøn, song og musikk alle dagane.

Deltakaravgifta er på kr 150,- per person per dag, og vi nyttar Vipps som betalingsmåte. Dei som har fleire born, får syskenrabatt på 30%. De kan melde på borna heile leiren eller enkeltdagar. Ved påmelding etter 10. juni, legg vi på eit eingongsbeløp på 100,- pga. meirarbeid.

Påmeldingsfrist: tysdag 10.juni

Trykk her for å melde på

Vi ynskjer borna hjarteleg velkomne til spennande opplevingar og gode dagar i Dalsfjorden!
Informasjonsbrev vert sendt ut på e-post til alle påmelde i forkant av leiren.

Tilbake