Ingen Jul utan... Bach sitt Juleoratorium


Ingen Jul utan... Bach sitt Juleoratorium


Tradisjon tru skal Sunnmøre Oratoriekor med Volda kyrkjekor i spissen, også i år framføre Bach sitt mest kjente korverk. Denne gongen vert det øvd inn kantatene 1 til 4. - Du er hjerteleg velkomen til å syngje i lag med prosjektkoret.

Framføringane er satt opp i Volda kyrkje og i Spjelkavik kyrkje 3. helga i advent 2026.

Sunnmøre Oratoriekor med Volda kyrkjekor i spissen, inviterer igjen til eit korseminar for kor, enkeltkorsongarar og songglade folk med eller utan korerfaring i regionen Sunnmøre. Koret sitt mål er å øve på og å framføre J. S. Bach sitt Juleoratorium 1-4 i Volda kyrkje og Spjelkavik kyrkje laurdag og søndag 3. advent i år. Etter den positive responsen frå åra før kan ein slå fast at denne framføringa har blitt ein kjærkomen førjulstradisjon som mange gler seg til.

Invitasjonen gjeld både unge og vaksne. Planen er å leggje tilrette for at barn og unge også få moglegheita til å vere med å syngje dette flotte verket.

Som i fjor skal vi syngje i lag med songarane frå Borgund kyrkjekor og Spjelkavik kyrkjekor. Dette sett vi stor pris på sidan det løftar musikk- og kulturmiljøet på Sunnmøre.

Vi jobbar med å få våre "faste" solistar Louise Engeseth (sopran), Maria Haukenes Malmedal (alt), Magnus Fremstad (tenor) og Magne Fremmerlid (bass) med oss også i år.

 

Oppstart:

Seminaret vil ha oppstart i Volda kyrkje på onsdag 14. oktober 2026 frå kl. 19.30 til kl. 22.00, og skal foregå i Volda kyrkje annakvar onsdag same stad og same tid.

Eventuelt kan det bli ei fellesøving ein laurdag i slutten av november / starten av desember der alle korsongarar møtest i Spjelkavik kyrkje til å samkøyre uttrykk, tempo og meir utfordrande overgangar. Datoen vert kunngjort undervegs.

I sluttfasen vil vi samle alle deltakarar til fellesøving med solistane og orkesteret for så å framføre resultatet i to konsertar i Volda kyrkje og i Spjelkavik kyrkje.

 

Påmelding:

Er du interessert? Har du lyst til å oppleve noko stort i lag med andre korentusiastar frå regionen din? Syng du i kor - blanda kor, damekor, mannskor, barnekor eller ungdomskor - eller er berre glad i å syngje, så meld deg på!

Du melder deg på i det du sender e-post til kantor@volda.kyrkja.no med følgjande opplysningar (du kan kopiere dette skjemaet og fylle ut):

  1. fornamn, etternamn
  2. adresse
  3. mobilnr., e-post-adresse
  4. stemmegruppe (skriv om du syng sopran, alt, tenor eller bass)
  5. om erfaring med korsong (stryk det som ikkje gjeld deg):
  • Eg er medlem i koret …. (skriv namnet til koret her).
  • Eg syng ikkje i kor for tida, men har vore med i koret … (skriv namnet til koret her).
  • Eg har ingen erfaring med korsong, men er glad i å syngje og har god songstemme.

Påmeldingsfrist er 30. september 2026. Men for å kunne planlegge så godt som mogleg ynskjer vi at du melder deg på så tidleg som mogleg. Takk.

 

Deltakaravgift:

Deltakaravgift er på NOK 500,-. Du vil få ein faktura saman med bekrefting på påmeldinga di i retur på påmeldings-e-posten din.

 

Notemateriale:

Vi brukar urtekst-utgåva til verket som arbeids- og framføringsmaterialet. Om du ikkje har denne utgåva frå før, må du bestille den sjølv.

Spesifikasjonar:

Johann Sebastian Bach: Weihnachtsoratorium (Juleoratorium)

Bärenreiter-Verlag (utgåvenummer: BA05014-90)

ISMN: 9790006461660

pris: Euro 14,95 (ca. 150,- kr +  frakt og avgift)

 

Øvingslydfiler på nett:

For å bruke mest mogleg tid på musikalsk uttrykk i øvingstida, vert alle seminardeltarar oppmoda å bruke øvingslydfiler på nettsida til CyberBass til å førebu seg heime.

CyberBass - link: http://www.cyberbass.com/Major_Works/Bach_J_S/bach_js_xmas_orotorio.htm

 

Nokre video til inspirasjon:

Her kan du sjå videoopptak frå framføringa i 2012 der Volda kyrkjekor framførte Juleoratoriet i lag med Spjelkavik kyrkjekor. Solistane var Ragnhild Eide Akslen (sopran), Ragnhild Engeset (alt), Dirk Hauenschild (tenor) og Alf K. Vatne (bass). På orgelkrakken satt kantor Ola Eide (Spjelkavik kyrkje). Dirigenten var Bert Handrick, kantor i Volda, som også vil ha kunstnarisk ansvar for seminaret og konsertane i år.

J. S. Bach: Juleoratorium - kantate 1 (opptak frå Volda kyrkje 15. des. 2012)

J. S. Bach: Juleoratorium - kantate 2 (opptak frå Volda kyrkje 15. des. 2012)

J. S. Bach: Juleoratorium - kantate 3 (opptak frå Spjelkavik kyrkje 16. des. 2012)

 

Tidsplanen for korseminaret:

Alle øvingane vil foregå i Volda kyrkje frå kl. 19.30 til kl. 22.00.

  • onsdag 14. oktober 2026
    • 1. Jauchzet, frohlocket
    • 24. Herrscher des Himmels
    • 26. Lasset uns nun gehen gen Bethlehem
    • 28. Choral: Dies hat er alles uns getan
    • 33. Choral: Ich will dich mit Fleiss bewahren
  • onsdag 28. oktober 2026
    • 36. Fallt mit Danken, fallt mit Loben
    • 9. Choral: Ach, mein herzliebes Jesulein
    • 17. Choral: Schaut hin! dort liegt im finstern Stall
    • 23. Choral: Wir singen dir in deinem Heer
    • 12. Choral: Brich an, du schönes Morgenlicht
  • onsdag 11. november 2026
    • 21. Ehre sei Gott
    • 26. Lasset uns nun gehen gen Betlehem
    • 42. Choral: Jesus, richte mein Beginnen
    • 33. Choral: Ich will dich mit Fleiss bewahren
    • 35. Choral: Seid froh dieweil
  • onsdag 25. november 2026
    • 21. Ehre sei Gott
    • 24. Herrscher des Himmels
    • 5. Choral: Wie soll ich dich empfangen
    • 36. Fallt mit Danken, fallt mit Loben
    • 42. Choral: Jesus, richte mein Beginnen
    • 7. Er ist auf Erden kommen arm (kun sopran-gruppe)
  • laurdag 5. desember 2026 - i Spjelkavik kyrkje
    • kl. 11.00 - 15.00 (sannsynleg treng vi ikkje så mykje tid)
    • fellesøving med alle kora
    • alle satsar
    • MERK: ta med niste og drikke
  • onsdag 9. desember 2026
    • 1. Jauchzet, frohlocket
    • gjennomgang av alle satsar som krev litt meir øvingstid
  • fredag 11. desember 2026 - øving med solistar + orkester
    • øving for solistane og orkesteret - tidplanen og øvingsinnhald vert kunngjort på eit seinare tidspunkt
  • laurdag 12. desember 2026 - forkorta generalprøve + 1. konsert
    • i Volda kyrkje
    • tidplanen og øvingsinnhald vert kunngjort på eit seinare tidspunkt
    • konsert frå kl. 18.00 til ca. 20.30
  • søndag 13. desember 2026 - kort øving + 2. konsert
    • i Spjelkavik kyrkje
    • tidplanen og øvingsinnhald vert kunngjort på eit seinare tidspunkt
    • konsert frå kl. 18.00 til ca. 20.30

 

Om dirigenten og seminarleiaren

Bert Handrick er ein norsk komponist og kyrkjemusikar med tysk opphav. Han kom til Volda i 2008 for å jobbe som kantor i "Sunnmørskatedralen".

Han har mastergrad i komposisjon ifrå musikkhøgskulen i heimbyen sin, Dresden. Etter studiet jobba han som musikkviter ved Dresdner Zentrum für zeitgenössische Musik (Dresden sentrum for samtidsmusikk), som dosent for musikkteori og analyse ved musikkhøgskulen og som piano- og orgellærar ved Kamenz musikkskulen.  Eit stipend frå det japanske kulturdepartementet gav han moglegheit til å studere eitt heilt år ved State University of Music and Fine Arts i Tokyo. Etter å ha kome heim til Dresden, byrja han å studere kyrkjemusikk ved Høgskulen for kyrkjemusikk. Masterstudiet han gjekk der på, inneheld i tillegg til orgelspel og korleiing også faget orkesterdireksjon.

Deretter jobba han i knapt to år som kantor i Geithain, ein liten by midt i delstaten Sachsen, før han kom til Volda. I denne korte tida dirigerte han slike store korverk som Juleoratoriet av J. S. Bach og Carmina Burana av C. Orff, sistnemnte under ein sommarfestival.

I Volda tok han over ein rik konserttradisjon som Volda kyrkjekor hadde etablert over mange år. Juleoratoriet blei framført mange gongar under hans leiing, men også J. S. Bach sin Matteuspasjon, A. Dvorak sitt Stabat Mater og G. Fauré sitt Requiem.

 

Vel møtt til ei unik koroppleving!

Tilbake