Superfredag og Superkoret!


Superfredag og Superkoret!


Bli med på leikar, mat, hygge og songglede!

Velkomen til Superfredag og Superkoret!

I dette koret er det mykje songglede og eit godt fellesskap for born i barneskulealder (1.-7.kl). I haust skal vi førebu oss på songar til julekonserten vi skal ha i lag med artisten Atle Pettersen 8.desember i Volda kyrkje.

Det er heilt uforpliktande å vere med på øvingar. Du kan kome ein gong eller to for å sjå om du likar å vere med. I løpet av året vil du bli spurd om å betale kontingent til KFUK/KFUM der minstebeløp er 50kr per barn.

Vi samlast enkelte fredagar 16.15-17.00 på Uppheim. Som regel er det taco for heile familien etter øvingane (eiga påmelding).

Sett av desse datoane: 22.august, 19.september, 3.oktober, 24.oktober, 21.november samt laurdag 6.desember kl. 10-12. 

Sjekk ut Facebook-sida "Superkoret" for fortløpande informasjon. 

Det er ikkje bindande påmelding for å vere med i Superkoret, men veldig fint om du kan sende ei melding til Cecilie Vestergaard 41672197 / cecilielundvest@gmail.com om du veit om barn som kjem, så vi har ei viss oversikt.

Tilbake