Årets fasteaksjon er 22.-24.mars, og konfirmantane våre går med bøsser for Kirkens Nødhjelp. Ver med og støtt den viktige dugnaden!
Det er lett å verte motlaus av alt som skjer i verda no, men det er nettopp i desse dagar vi må samle alle gode krefter og gjere kva vi kan for dei mest sårbare. Du har høve til å vere med på å gjere ein skilnad. Den nest største bøsseaksjonen i landet er i gang – Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon.
To veker før påske kvart einaste år går rundt 40.000 bøsseberarar frå dør til dør over heile landet og samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. I fleire tiår har norske konfirmantar vore med på denne enorme dugnaden, som gjer det mogleg å rykke i kriser. Husstandar i heile kommunen får besøk i desse dagar. Her er tidspunkta for dei ulike sokna:
- Veke 12: konfirmantar i Dalsfjord, Austefjord og Kilsfjord samlar inn i sine sokn
- Volda sentrum: søndag 22.mars mellom klokka 13.00 og 17.00.
- Hornindal: tysdag 24.mars mellom klokka 17.00 og 19.00.
- Storfjorden: kun digital aksjon på Vipps: 2426
Ta vel imot konfirmantar eller andre bøsseberarar når dei kjem og ver med på den viktige dugnaden!
God aksjon!