På sakslista står både årsmelding, rekneskap, arbeid med å få fleire frivillige og arbeid med å auke inntektene.
Under ligg årsmeldinga for Volda sokn med vedlagt årsmelding frå diakoni- og ungdomsarbeidaren. Rekneskapen vert lagt fram under årsmøtet.
Årsmelding for Volda sokneråd 2025
Vedteken i Volda sokneråd 7. april 2026
Volda sokneråd er svært takksame for den ekstra innsatsen som frivillige og tilsette også i år har lagt ned. Denne innsatsen gav kyrkjelyden gode opplevingar både i kyrkja, på Uppheim og elles i lokalsamfunnet.
Volda sokneråd har i 2025 hatt 9 (10) møter, og det har vore handsama 41 (37) saker, tala i parentes gjeld 2024. I tillegg har vi gjennomgått 25 orienteringssaker. Dette har vore store og små saker. Alle møta i soknerådet har vorte innleia med ei kort andakt/samlingsstund og bøn om rettleiing frå Gud. Møta vert avslutta med Herrens bøn og velsigning.
Bernt Krøvel har vore leiar sidan nytt sokneråd tiltrådde i 2023 med Karen Brænne som nestleiar – dei sa båe frå seg gjenval etter to år. På soknerådsmøtet i januar 2026 vart Mari Lome vald til leiar, og Kjetil Myskja nestleiar.
Soknerådet består av:
Mari Lome (leiar), Kjetil Myskja (nestleiar), Bernt Krøvel, Karen Brænne, Geir Egil Eiksund, Synne Sandberg, Ingeborg Nygjerd og Odd Kåre Fløtre. Varamedlemmer er Kirsti Ytrestøl Kvakland, Thilo Lindner, Aud Solheim, Ann Charlotte Humberset og Judit Janna Kornberg Andenes. Sokneprest Per Kristian Sætre er fast medlem av rådet.
Her er nokre saker og arrangement frå 2025:
Under Dei nynorske festspela samarbeidde vi som vanleg om Festspelgudstenesta. I tillegg til dette hadde vi ein svært vellukka salmekveld i kyrkja i samarbeid med Norsk hymnologisk foreining.
I samband med større konsertar og arrangement er det mykje som skal på plass. Nytt av året er at Odd Kåre Fløtre har oversyn over desse.
Vi fekk eit raust tilbod frå Stiftinga Embla kvinneskipet om ein vikingskipmodell til opphenging som kyrkjeskip i Volda kyrkje. Soknerådet rådførte seg med faginstansar og takka nei til gåva av estetiske og kyrkjefaglege grunnar.
Vi hadde fleire samtalar med kyrkjekoret/Sunnmøre Oratoriekor for å klargjere ansvar og økonomi omkring Juleoratoriet. Dette er eit flott arrangement, men soknerådet vedtok at soknet ikkje kan stå som økonomisk garantist for eit så stort arrangement med soknet sin sårbare økonomi.
Middag på Uppheim er eit veldig godt tiltak som samlar i snitt rundt 80 personar per arrangement. På grunn av økonomien såg vi oss nøydde til å auke prisen for middagen, med mål om at tiltaket skal gå i balanse. Dette vedtok vi i møte 3. juni, før vi fekk attende orienteringssak om nye prisar i neste møte 2. september. Vi fekk difor ikkje full effekt av endringane i 2025. Rekneskapen viser eit underskot.
I samband med arrangementet Bygdepride vedtok soknerådet å halde kyrkja open for alle som måtte ynskje ei stille stund. Soknerådet vedtok å støtte alle som ville gå i paraden og vise at dei høyrer til i Den norske kyrkja. Mange gjekk saman i paraden. Deltakinga skapte engasjement, og innspel vart handsama på soknerådsmøte. Det vart også gjennomført ei evaluering i etterkant.
Stillinga som ungdoms- og diakoniarbeidar har vore mogeleg på grunn av ei testamentarisk gåve, kalla «Kvangarsnesfondet». Dette er no brukt opp og vi må diverre avslutte engasjementet frå sommaren 2026. Vi vil nytte høvet til å takke Beate Skorpen for tenesta desse åra. Mellom prosjekta ho har vore med på å starte opp - eller gjenoppstarte - og administrere, er både Middag på Uppheim, diakonisamlingar på Legeloftet, Barnekoret på Uppheim og Søndagsskulen i soknet.
Volda sokneråd har forlenga avtalen med NMS om støtte til arbeid på Madagaskar, men har avslutta prosjektet i Estland. Volda sokneråd har vedteke å støtte KFUK-KFUM Global/Ilula Orphan Program sitt arbeid i Tanzania. I samband med dette har vi også revidert takkeofferlista og gjort nokre endringar.
Volda sokneråd har elles starta ein prosess for å søke støtte til betre lydanlegg, og endringar for betre bruk av sideskipet mot sør.
Gudstenestene er det samlande midtpunktet i kyrkjelyden. Volda sokneråd er svært takksame for det arbeidet som engasjerte frivillige har lagt ned; frå medliturgar, kyrkje- og dåpsvertar, kyrkjekaffigruppa, blomstergruppa, kor og forsongarar til teknikarar som styrer lyd og bilete. Ikkje minst dei ansvarlege for søndagsskulen fortener ros.
Samarbeidet mellom soknerådet, frivillige og tilsette har trass i bemanningsmessige utfordringar med sjukmeldingar, permisjonar og utskiftingar i staben, fungert rimeleg bra i 2025. Vi må likevel be for meir stabile tilhøve framover slik at Guds rike kan ha framgang mellom oss.
Av andre aktivitetar i soknet vil soknerådet særskilt nemne alt arbeid som skjer på Uppheim. Der har vi eit stort og veksande familiearbeid med middagar, tacofredagar og fleire kor.
Utval og grupper
Volda sokneråd har stor glede av alle som engasjerer seg i dei ulike utvala. Desse har hatt stabil aktivitet. Soknerådet vedtok å omorganisere Gudstenesteutvalet og Kor- og musikkutvalet til eit «Gudsteneste- og musikkutval» sidan musikken i kyrkjelyden primært er å sjå som ein del av gudstenestelivet. På grunn av denne prosessen har desse utvala vore i ein overgangsfase med lite aktivitet.
Desse har vore med i dei ulike gruppene og utvala i 2025:
- Diakoniutvalet
- Aud Solheim, Kjetil Myskja, Beate Skorpen (leiar), Leif Bjørn Skorpen, Knut Åmås, Bjørg Edel Farstad Hustadnes (nestleiar), Gudveig Sollid og Kirsten Bang
- Gudstenesteutval (avvikla i 2025)
- Jostein Rotevatn, Kjetil Myskja, Per Kristian Sætre, Judit Janna Kornberg Andenes og Odd Ragnar Hunnes
- Gudsteneste- og musikkutval (nytt)
- Medlemslista er under utarbeiding.
- Kommunikasjonsutval
- Ingeborg Nygjerd, Mari Lome og Geir Egil Eiksund
- Kor- og musikkutval (avvikla i 2025)
- Karen Brænne, Bert Handrick, Oddbjørg Egge, Vebjørn Vik og Arild Andenes
- Temakveld
- Rolf Schanke Eikum/Per Kristian Sætre, Jostein Rotevatn, Ralph Meier, Torstein Drabløs, Ingeborg Nygjerd og Jan Ove Ulstein
- Trusopplæringsutval (på fellesrådsnivå)
- Thilo Lindner er Volda sokn sin representant
- Volda kyrkjelege samarbeidsutval (Fellesmøteveka)
- Volda sokn sine representantar har vore Per Kristian Sætre, Kirsti Ytrestøl Kvakland og Bernt Krøvel (vara for Per Kristian ein periode)
- Økonomiutval
- Bernt Krøvel, Mari Lome og Jostein Stråbø
- Volda kyrkjelege fellesråd
- Bernt Krøvel er Volda sokn sin representant i perioden, Mari Lome er personleg vara.
Statistikk
I det store og heile var 2025 eit talmessig godt år i Volda sokn. Soknet hadde ved årsskiftet 5.543 medlemmer. Dette utgjer 67,7 % av folkesetnaden i Volda sokn. Medlemstalet gjekk ned 1,8 % i løpet av året.
I løpet av året heldt vi 80 gudstenester med til saman 10.638 deltakarar. Dette gjev eit snitt på 133 deltakarar pr. gudsteneste. Dette er ein auke på 23,7 % frå 2024. Auken for gudstenestene på søndagar og heilagdagar er lågare, med 6,2 %, så det er dei store gudstenestene utanom dei faste søndagsgudstenestene som står for den store auken.
I 2025 vart 53 born døypte i Volda kyrkje. I alt vart 73,7 % av dei fødde i Volda sokn døypte i Den norske kyrkja. 60 femtenåringar vart konfirmerte. Det er knappe 90 % av medlemmene i aldersgruppa og 61,2 % av årskullet i soknet. Dette er den høgaste eller i nærleiken av den høgaste oppslutninga om dåp og konfirmasjon det siste tiåret. Talet på vigsler er relativt lågt, med 9 vigsler, men det er over snittet for det siste tiåret. Når det gjeld gravferder, vart det gjennomført 57 gravferder i Volda sokn i 2025. Det betyr at vi heldt gravferd for 80 % av dei som døydde i Volda sokn i fjor.
I sum viser statistikken at Den norske kyrkja i Volda held posisjonen sin som ein sentral samlingsstad for folket i bygda, og mange finn det naturleg å søkje til kyrkja ved store hendingar i livet. Auka gudstenesteoppslutning inspirerer til vidare arbeid med gudstenestene våre.
Økonomi
Volda sokneråd sin driftsrekneskap for 2025 er gjort opp med eit underskot på kr 34.172. Dette er kr 18.672 høgare enn forventa ved siste budsjettrevisjon.
Utgiftene på prosjekta Søndagsskule, Middag på Uppheim og Kyrkjekaffi er kr 24.599 høgare enn budsjettert.
Inntektene frå gjevartenesta og offer til eige arbeid er kr 43.188 lågare enn budsjettert.
Leigeinntektene frå eksterne kyrkjekonsertar er kr 30.911 høgare enn budsjettert i 2025 og dekkjer inn delar av meirforbruket og manglande inntekter frå gjevartenesta og offer til eige arbeid.
Rekneskapen kjem som eiga sak under årsmøtet.
Volda, 7. april 2026
Vedlegg 1 – Årsmelding frå Diakoni- og ungdomsarbeidaren
ÅRSMELDING 2025 TIL VOLDA SOKNERÅD
Diakoniutvalet er sett saman av Aud Solheim, Gudveig Sollid, Kirsten Bang, Kjetil Myskja, Knut Åmås, Leif Bjørn Skorpen, Bjørg Edel Hustadnes (nestleiar) og Beate Skorpen (leiar). Utvalet ser det som si hovudoppgåve å arrangere diakonisamlingar for bebuarane på Fjordsyn og på Legeloftet – éin onsdag per månad på kvar av stadene.
Diakonisamlingar på Fjordsyn følger eit fast program: allsong frå songbøkene Syng med!, andakt, dikt eller anna høgtlesing, korsong eller solosong, bøn, Fadervår på gamlemåten og velsigninga – pluss samtale/prat før og etter programmet. Gudveig Sollid har vore fast pianist, og Leif Bjørn Skorpen har vore fast gitarist og lydteknikar og har stilt med privat høgtalar, mikrofon og stativ. Programmet varer ein liten time.
Det har vore totalt 11 diakonisamlingar på Fjordsyn i 2025. På kvar samling har det møtt fram mellom åtte og 16 bebuarar. Nokre gangar har også pårørande og/eller personalet vore saman med oss. I oktober kom Barnekoret på Uppheim med eit variert songrepertoar, inklusive allsongar for store og små, rytmeinstrument, liv og latter. I desember tok koret faSong del med nydeleg korsong.
Personalet på Fjordsyn tek vel imot oss og takker oss for at me kjem. Det same gjer fleire av bebuarane. Før jul fekk alle i diakoniutvalet kvar si blome og eit hyggeleg, handskrive kort frå dei som bur på / arbeider ved Fjordsyn.
Diakonisamlingar på Legeloftet er bygd over same lest som dei på Fjordsyn. I tillegg har me hatt spørjeoppgåver, song-/lytteoppgåver og selskapsleikar, til dømes med halve ordtøke eller halve bibelvers. Til allsongane har Gudveig Sollid spelt piano og Leif Bjørn Skorpen gitar. Samlingane varer ein dryg time.
Me hadde seks samlingar om våren og fem om hausten. Mellom sju og 11 bebuarar møtte fram kvar gang. I januar kom «Dei heilage tre kongane» og leiingsstjerna på besøk, syngande og iført høvelege klede som var sydde og kosta av Kjetil Myskja.
Det er god stemning og ein fin dialog når me treffast, og diakoniutvalet føler seg svært velkomen på Legeloftet.
Søndagsskulen i Volda kyrkje hadde fem samlingar om våren og fire om hausten. Januar-samlinga var i samarbeid med Fellesmøteveka. Mars-samlinga vart avlyst sidan det ikkje var nokon barn på gudstenesta.
Me har møtst til gudsteneste kl. 11.00, og etter dåpen har me gått ned til søndagsskulerommet i kyrkjekjellaren. Der har det vore barnesamling med lystenning, bøn, song, bibelforteljing, leik og teikning/fargelegging. Så har me kome tilbake til gudstenesta til nattverden. Som regel har nokre av barna hatt følgje av foreldre/besteforeldre eller eldre sysken. Ofte har syskena av dåpsbarnet vore blant søndagsskulebarna.
Formidlar på éin eller fleire av samlingane har vore kyrkjelydspedagog Ann-Kristin Frantsen med konfirmantar, Kjetil Myskja, Knut Åmås, Wendi Sund Stråbø, Astrid Drabløs & Mathilde Finsådal Drabløs og Beate Skorpen. Medhjelparar éin eller fleire gongar har vore Leif Bjørn Skorpen og Beate Skorpen.
Søndagsskulen i Volda kyrkje er medlem av Søndagsskolen Norge, område Sunnmøre, og medlemskontingenten er kr. 50,- pr. barn pr. Kalenderår.
Barnekoret på Uppheim øver torsdagar i partalsveker kl. 17.45-18.30. Då møtest barn frå 2-/3-årsalderen og oppover for å synge og leike og, når øvinga er over, kose seg med å springe rundt i den store salen på Uppheim. På øvingane har barna lært seg kristne og ikkje-kristne barnesongar – som oftast med rørsle til – pluss nokre songleikar.
Oppgåva med å leie dei yngste barna, og finne eigna repertoar til dei har, gjennom heile året, gått på omgang mellom Marte Drabløs Auguste, Anne-Marit Bae og Beate Skorpen. Om hausten blei også Mathea Eckhoff Dagestad med på laget.
I vårsemesteret leia Cecilie Lund Vestergaard, med hjelp av Maria Bjørlykke og fleire, øvinga for skulebarna. Den første halvtimen av øvingstida hadde dei ein eigen samling i peisestova, der barna mellom anna fekk øve inn lengre tekster og trene på å vere solistar til sing back frå høgtalar. Det siste kvarteret av øvingstida var små og store samla i storsalen. Då vårsemesteret var omme, trekte leiarane for skulebarna seg diverre ut for å konsentrere seg om arbeidet med “Superkoret”. Vi mista med dette tilbodet for dei største barna, og aldersgruppa for Barnekoret har frå hausten 2025 vore frå 2-3 år og opp til skulealder.
Erlend Koppen har i hovudsak spelt piano til songane, medan Anne-Marit Bae og Beate Skorpen har administrert koret. Barnekoret på Uppheim er medlem av KFUK/KFUM og medlemskontingenten er minimum kr. 50,- pr. barn. I 2025 hadde koret 15 øvingar (inkludert ei øving med Volda demenskor) og sju songoppdrag:
- Karnevalsgudsteneste i Volda kyrkje, 02.03.25
- Vårbasar på Uppheim 26.04.25
- Minikonsert på Uppheim 15.05.25
- Diakonisamling på Fjordsyn 15.10.25
- Konsert med Volda Demenskor i Berte Kanutte-kantina 23.11.25
- Julemesse på Uppheim 29.11.25
- Gudsteneste for små og store på Uppheim 30.11.25
Barnekoret mottok Frifond-midlar i 2025, og kunne difor kjøpe inn både nye, gode rytmeinstrument, berbar høgtalar med to solistmikrofonar, ansiktsmåling, kalkunpølser og is pluss fine A4-plakatar med teksten til Eg faldar mine hender små, til utdeling til alle kormedlemane. (Våren 2026 er det denne songen/bøna me avsluttar alle korøvingane med.)
Det er eit sprudlande liv på øvingane, med mange glade barn og foreldre, så det er meiningsfylt å kunne tilby denne aktiviteten på Uppheim. Koret har ei eiga gruppe på Facebook, «Barnekoret på Uppheim», og papiroppslag med opplysningar heng/ligg rundt omkring (helsestasjonen, Uppheim, oppslagstavla utanfor Uppheim, våpenhuset i kyrkja, oppslagstavla utanfor kyrkja, kyrkjekontoret). Me er takksame om folk er med og deler informasjonen om at koret finst!
Middag på Uppheim har vorte arrangert i storsalen om lag éin torsdag pr. månad, kl. 16.00 – 17.30. I 2025 arrangerte me 10 middagar, og menyen har veksla mellom lasagne, omnsbakt laks, kyllinggryte/kyllingnuggets og karbonadar. Alle rettane blei leverte av Osdals Catering as. Me har heile tida vore svært godt nøgde med både samarbeidet med cateringfirmaet og med maten dei har levert.
Dyktige og trufaste frivillige medarbeidarar på kjøkenet og elles har vore Johanne Øvregaard, Kari Anne Henjum, Bjørg Holmin, Aud Osdal, Eveline Sørheim, Rita Paulen, Palma Hånes Egge – og dessutan Odd Ragnar Hunnes, som har rigga og rydda stoler og bord, og som har vaska golvet i storsalen og vrimlearealet etter alle middagsserveringane. Fleire av dei påmelde tek også gjerne eit tak med å rydde før dei fer. Diakoniarbeidaren har fungert som administrator og koordinator med meir.
Som eit tiltak for å få rekneskapen i betre balanse, gjekk me i august vekk frå dei gamle prisane (kr. 150 pr. vaksen / kr. 300 for foreldre med barn / kr. 50 pr. barn). Nye prisar vart frå då av kr. 150 pr. vaksen og tenåring / kr. 50 pr. barn i skulealder / gratis middag for barn i barnehagealder.
På alle middagssamlingane har barna (og dei vaksne) hatt tilgang til airhockeybord og ishockeyspel i kjellaren. I storsalen har me hatt eit hjørne med teiknebord – der Knut Åmås og Kirsten Bang har sete mykje i lag med barna – og eit anna hjørne med mjuke matter og småbarnsleiker på golvet. I tilknyting til desember-middagen viste kyrkjelydspedagog Synnøve Berg-Rusten Grevstad og kyrkjeverje Jostein Stråbø film om «Kyrkjerottene», og serverte pop corn i peisestova.
Folk i alle generasjonar har møtt opp, og middagstilbodet har jamt fått mykje positiv tilbakemelding. Godord kjem frå både unge foreldre, som set pris på å treffe andre barnefamiliar, og frå eldre, som synest det er hyggeleg å kunne ete god mat i lag med andre. Dette er kjekt å høyre. Nokre kjem lenge før oppstart, medan andre tek seg god tid til å bli sitjande igjen etter måltidet for å prate med kvarandre. Det òg tolkar me som eit teikn på trivsel. Det var påmeld høvesvis 63, 80, 64, 61, 63, 116, 95, 51, 66 og 103 personar på kvar av middagane i 2025.
Det er framleis plass til fleire rundt borda, så me ber om hjelp til å gjere tilbodet endå betre kjend! Sjå fb-sida «Middag på Uppheim» og papiroppslag som ligg/heng rundt omkring.
Volda, 10. april 2026,
Diakoni- og ungdomsarbeidar Beate Skorpen.