Frivillig i gudstenesta?


Frivillig i gudstenesta?


Vil du vere med å lage gudstenester i Volda sokn? Vi inviterer erfarne og nyare frivillige og andre interesserte til ei samling i Volda kyrkje 8. september kl. 19–21!

I samlinga har me:

  • Kort undervisning om kva ei gudsteneste er og gudstenestelivet i Volda

  • Samtale om ynskje og målsetjingar for framtida

  • Runde med erfaringsdeling og innspel til forbetringar

  • Høve til å vere med på planlegginga framover

Nye frivillige kan melde seg til teneste, og dei erfarne får høve til å melde seg på listene for hausten og vinteren. Vel møtt!

Tilbake