I høve Hans Majestet Kong Harald sin bortgang vil fleire av kyrkjene i Volda halde ope for lystenning, bøn og fellesskap. I kyrkja kan du sitje i stillheit, be og tenne lys. Det vil også vere høve til å skrive kondolansar i kyrkjene. Det er sjølvsagt heilt gratis, og det er rom for alle 💜
Kong Harald har vore ein folkekjær regent gjennom over tretti år. Mange kjenner på sorg og vemod etter at han no har gått bort. Her er tidene kyrkjene i Volda held ope. Lista vert oppdatert med fleire tider etter kvart.
Fredag 28. august
Volda kyrkje held ope frå 16.00 til 19.00. Dalsfjord kyrkje og Hornindal kyrkje held ope frå 16.00 til 18.00.
Laurdag 29. august
Volda kyrkje held ope frå 12.00 til 16.00. Hornindal kyrkje held ope frå 14.00 til 16.00. Austefjord kyrkje held ope frå 15.00 til 18.00.
Søndag 30. august
Volda kyrkje held ope frå 12.00 til 16.00. Austefjord kyrkje held ope etter gudstenesta og fram til klokka 14.00.
«Kjærleikens Gud! Vi takkar deg for Kong Harald, hans liv og hans teneste for folk og fedreland. Vi overgjev han i dine hender Gud og ber om velsigning, kraft og styrke for kongefamilien som no sit att med minner, sorg og sakn. Gud vi bed.»