Velkomen til ei langhelg med musikalske arrangement i Volda sine unike kyrkjer.
Utøvarane er lokale musikarar frå ulike sjangrar. Det blir både allsong og konsert med fokus på dikt og tekst.
Bli også kjent med det nye (digitale) orgelet i Volda kyrkje.
Årets utgåve av Kyrkjemusikkveka som vert arrangert i midten av oktober, samlar ein fin bukett med ulike arrangement. Festivalen har som mål å presentere alle dei aktive og engasjerte lokale musikkmiljø som finns i Volda – frå Bjørke heilt innerst inneklemt mellom fjella via Austefjord og Volda sentrum til Dalsfjord i andre enden. Kyrkjene våre med sine unike uttrykk dannar rammene til desse arrangementa. I samarbeid med dei lokale sokneråda har kyrkjemusikarane våre jobba fram seks ulike arrangement som skal ut til eit interesserte publikum i løpet av berre fire dagar.
Det heile startar i Bjørke kyrkje. Tonal leik og improvisasjon vert stikkord for denne konserten med musikarane Morten Bollerud og John Inge Leira Bjøringsøy. Tema er lokale komponistar og tekstforfattarar som har utmerka seg gjennom historia. Kjende namn som mellom anna Grimstad, Ose, Straumsheim, Sørbø, Ulstein, Hovden, Sandvik og Aasen er på lista når repertoaret skal veljast. Det vert garantert ein konsert som vil gjere inntrykk på både sinn og øyrer.
Vidare går stafettpinna til Austefjord kyrkje. Der vert det song- og salmekveld, med ynskjer sendt inn frå folk i bygda og kyrkjelyden. Eit liknande arrangement som dei hadde i Hornindal eit anna år under Kyrkjemusikkveka, og som vart ein stor suksess. I tillegg til allsong vert det innslag med lokale utøvarar og solistar. Og i god Austefjord-ånd vert det òg noko munngodt med kyrkjekaffi etterpå.
I Volda kyrkje ventar oss orgelbrus som endeleg er tilbake frå galleriet. Kantor Bert Handrick vil på musikalsk vis presentere det nye digitale orgelet som blei levert i mai og som skal gjere teneste fram til pipeorgelet på galleriet er ferdig restaurert. Deretter vil det digitale orgelet koplast saman med pipeorgelet og fungere som spelepult, mens den digitale delen blir til eit klangsupplement for alt som pipeorgelet ikkje har. Konsertprogrammet er forma som ei musikalsk reise gjennom århundre, ulike stilartar og europeiske regionar – frå seinrenessanse via barokk og romantikk til nyare tid, frå Spania via Middel- til Nordtyskland.
Søndagen er forbehald to gudstenester med musikalsk preg: i Volda kyrkje vert det ein folketone-gudsteneste der Halkjelsvik Spelemannslag er med saman med Volda kyrkjekor og kantor Bert Handrick, og i Dalsfjord kyrkje vert det ei gudsteneste med fleire musikalske innslag framført av lokale songarar og musikarar. Organist Erlend Koppen vil leie musikken frå orgelkrakken.
På søndag kveld kjem vi tilbake til Volda kyrkje der Kyrkjemusikkveka vert avrunda med ein Gospelkonsert. Damekoret Vest Vokal saman med Dalsfjord mannskor og gjestekoret Syvdeklang skal framføre gospel og lovsongar akkompagner av John Inge Leira Bjøringsøy og Svein Hunnes.
Vel møtt til desse arrangementa!
Programoversikt:
Torsdag 15. oktober kl. 19, Bjørke kyrkje
«Poesi» - Musikk og lesing m/ Jon Inge Bjøringsøy, Morten Bollerud m.fl.
(billett 150 kr)
Fredag 16. oktober kl. 18, Austefjord kyrkje
«Song- & Salmekveld» - Allsong og musikk m/ Morten Bollerud og lokale musikarar
(kollekt)
Laurdag 17. oktober kl. 18.30, Volda kyrkje
«Orgelkonsert» - m/ Bert Handrick, presentasjon av det nye digitale orgelet
(billett 150 kr)
Søndag 18. oktober kl. 11, Volda kyrkje
Folketone-Gudsteneste - m/ Halkjelsvik Spelemannslag, Volda kyrkjekor og kantor Bert Handrick
Søndag 18. oktober kl. 11, Dalsfjord kyrkje
Musikalsk gudsteneste – m/ lokale musikarar og organist Erlend Koppen
Søndag 18. oktober kl. 18, Volda kyrkje
«Gospelkonsert» - m/ Vest Vokal, Dalsfjord mannskor, Syvdeklang, John Inge Leira Bjøringsøy (piano) og Svein Hunnes (bass)
(billett 250 kr / 150 kr)