Vil du melde barnet ditt til dåp?


Det er høve til dåp i dei aller fleste gudstenestene i kyrkjene våre. De kan velje gudsteneste i påmeldingsskjemaet. Om de ynskjer andre datoar enn dei som er sette opp, ta kontakt, og så ser vi kva som er mogeleg!

Vi ønskjer dåp – kva gjer vi?

Meld i skjemaet under eller ta kontakt med Volda kyrkjekontor for å melde barnet til dåp. I skjemaet ser du aktuelle dåpsdatoar dei komande månadane. 

Når det nærmar seg dåpsdagen vert de inviterte til dåpsamtale/dåpsamling med presten som skal ha gudstenesta. Her informerer vi om sjølve dåpsdagen og det praktiske rundt dåpshandlinga, og vi snakkar  om kva dåpen er i den kristne trua. Barnet får også med ei lita dåpsgåve frå kyrkjelyden. I denne samtalen får du også vite meir om tilboda om trusopplæring som kyrkja vil gi borna i åra framover. Vi  ønskjer å gi hjelp til opplæring i den trua barnet vert døypt til!

 

 

Om å vere fadder

Å vere fadder er ei stor og viktig oppgåve! Ofte vert fadrane viktige vaksne i barnet sitt liv. Fadrane er med på å vise barnet vegen inn i trua, saman med foreldre og kyrkjelyd. For å vere fadder måein vere medlem i Den norske kyrkja, eller vere ein kristen som ikkje avviser barnedåpen. Dåpsbarnet må ha minst to fadrar som er til stades under dåpen. Du melder kven som skal vere fadder i samtalen i påmeldingsskjemaet, på telefon til kyrkjekontoret eller under dåpssamtalen med presten.

Tilbake