Også i år har vi laga eit påskehefte, med bibeltekstar, salmar og andakter.
Heller ikkje i år kan vi samlast til gudstenester i kyrkjene våre. Det er ikkje noko som kan erstatte det konkrete fellesskapet som feirar gudsteneste. Likevel må vi finne måtar å feire påske på!
Dette heftet kan kanskje vere ei hjelp for nokre til å markere dei ulike dagane i påska- frå palmesøndag til andre påskedag. Å følgje Jesus på vegen frå inntoget palmesøndag til oppstoda påskedag kan vere ei fordjuping i den kristne trua sitt store mysterium: At gjennom desse hendingane vert død vendt til liv- for Jesus, og for oss!
HER finn du påskeheftet 2021