Dagleg bøn i ei uviss tid - nytt hefte frå 3.mai


Dagleg bøn i ei uviss tid - nytt hefte frå 3.mai


Nytt hefte for dagleg bøn i ei uviss tid er klart. Heftet varer frå søndag 3.mai til laurdag 9.mai, med tekstar, bøner og salmar for kvar dag. Last ned heftet HER og ver med i bøna!

(frå innleiinga til heftet:

Nåde vere med dykk, og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

«Du vår med ljose dagar, med lengting, liv og song, du spår at Gud oss lagar ein betre vår ein gong, då me med vigsla tunge, men kjærleik heil og klår, alt utan brest og sprunge, skal lova Herren vår!»

Mai er her og vi gler oss over våren- sjølv om det framleis er ein annleis vår. Vi har sagt det så mange gangar dei siste månadane- at det er «annleis»- at det kanskje byrjar å verte ein klisjé? Men kva skal vi elles seie? Det er ikkje lett å skildre den tida vi lever midt i, der vi sjølve er deltakarar i noko som framleis ikkje er avslutta. Samtidig treng vi å reflektere og prøve setje ord på det vi opplever, ja, gjennomlever.

I skrivande stund ventar vi på om det kjem signal om ei mogleg opning for gudstenester og samlingar. Vi er vel mange som saknar det konkrete, fysiske samveret i kyrkjerommet: Songen i lag, lystenninga, brødet og vinen, handtrykka. Medan vi ventar kan vi kanskje gjere oss nokre refleksjonar: Kva har denne våren gjort med meg? Eller kanskje: Kva gjer han med meg? Kva saknar eg mest av det vanlege? Er det noko som har vore godt, midt i alt, og som eg har oppdaga nettopp no? Kva kjenner eg på når eg tenker på tida som ligg føre, på resten av våren og sommaren som ventar?

Så er det så ulikt korleis også denne situasjonen treff oss. Uansett: Gud let oss komme med alle våre kjensler og stemningar, våre tankar, vår uro og frykt, og vår glede. Hos Gud kan vi tale ut om det vi er og det vi ber på. Vi kan vende oss til Gud, med alt vårt; vere «eg» som talar med «Du». Det kan vi gjere no også, i denne våren som veks fram rundt oss- og minner oss både om Guds skaparkrefter her og no, og om den våren som ein gong kjem, «med kjærleik heil og klår»!

Lat oss vende oss til Gud, med alt vi er og har- framleis åleine, men saman.

Prestane i Volda

Matias Austrheim, Kristian Myklebust, Ingrid Finsådal, Ingeborg Matre

 

Dagleg bøn for søndag 3.mai til laurdag 9.mai finn du HER

Tidlegare utgåver av Dagleg bøn i ei uviss tid finn du HER, saman med eit preikearkiv.

Tilbake