Kyrkjene i Volda er opna for gudstenestefeiring- med særlege smitteverntilak er på plass. I pinsa vert det gudstenester i Volda, Hornindal, Killsfjord og Dalsfjord. OPPDATERT 28.5
Endeleg kan vi samlast til gudstenestefeiring igjen!
I pinsa vert det gudstenester i Dalsfjord (kl 1930), Kilsfjord (kl 1900), Volda (kl 1100) og Hornindal (kl 1100) (felles med Storfjorden og Austefjord sokn) Det vert nattverd i gudstenestene. Særlege smittevernstiltak er på plass: Dei som er sjuke må halde seg heime. Alle må halde minimum 1 meter avstand til andre, og sitje på tilviste plassar i kyrkja. God hygiene er viktig, og det er høve til handvask/bruk av handsprit.
Det er plass til inntil 50 personar i gudstenestene. I nokre av kyrkjene våre er det likevel ikkje plass til så mange.
Følgjande tal gjeld:
Austefjord kyrkje 36
Bjørke kyrkje 42
Dalsfjord kyrkje 50
Hornindal kyrkje 50
Kilsfjord kyrkje 41
Volda kyrkje 50
Vi kan ikkje sleppe inn fleire enn maksimalt tillete tal i den enkelte kyrkja.. Dersom du treng å halde av ein plass på ei gudsteneste, kan du ringe Volda kyrkjekontor tlf 70 07 40 90 innan fredag kl 12 før gudstenesta.
For å kunne halde gudstenester er vi pålagte å halde oversikt over kven som er tilstades. Dette vert gjort ved at vi fører liste over dei som kjem til kyrkja, i tråd med styresmaktene sine pålegg. Denne lista vert oppbevara i 10 dagar for eventuell smittesporing, og deretter makulert.
Gudstenesteplanen for juni finn du i kalenderen på nettsida vår. '
For spørsmål om dåp, ta kontakt med kyrkjekontoret
(Artikkelen er oppdatert 28.mai)