Barnekoret på Uppheim


I Volda har vi barnekor! Born frå 3 år og oppover er velkomne til å vere med i Barnekoret på Uppheim. Øving er annankvar torsdag kl. 17.45. 

Barnekoret er eit lavterskel-tilbod og er ope for alle. Koret har øvingar i storsalen på Uppheim annankvar torsdag kl. 17.45 – 18.30. Fokuset ligg på song-glede og sosialt samspel. Følg oss på Facebook: "Barnekoret på Uppheim" for informasjon og oppdateringar. 

Barnekoret er ein del av kyrkjelyden sitt barne- og kyrkjemusikalske arbeid. Organist Erlend Koppen er musikalsk leiar, og med seg har han Marte Drabløs Auguste, Maria Bjørlykke og Anne-Marit Bae. I tillegg er diakoniarbeidar Beate Skorpen med på øvingane.

Øvingar hausten 2023

For hausten 2023 er følgjande datoar sette opp:

24.08: Oppstart – første øving!

07.09: Øving

21.09: Øving

05.10: Øving

19.10: Øving

02.11: Øving

16.11: Øving

30.11: Øving. Juleavslutning

 

Deltaking hausten 2023

Onsdag 25. oktober: Diakonisamling på Fjordsyn

Laurdag 2. desember: Julemesse på Uppheim

Søndag 3. desember: Gudsteneste for små og store på Uppheim

Tilbake