Gudstenestetilbod som planlagd i november trass strengare smitteverntilak


Gudstenestetilbod som planlagd i november trass strengare smitteverntilak


Smitteverntiltaka i kyrkjene vart strengare frå 7. november, men gudstenestetilbodet  er i hovudsak uendra til uti desember.

For å møte det auka smittepresset har smittevernreglane i kyrkjene vorte strengare. Maksismalt deltakartal er no justert ned att  til 50. Vi held fram med gudstenester etter oppsett plan i november. Men lysmessa i Volda kyrkje 29. november vert flytta ut i Uppheimsparken for å kunne ha 200 deltakarar. Kalenderen på nettsida syner når det er gudsteneste i dei ulike kyrkjene. 

Smitteverntiltaka elles er som før. Dei som har symptom på luftvegssjukdom må halde seg heime. Det er også avgjerande med god hygiene- vask hendene, bruk handsprit når ikkje det er vask tilgjengeleg. 

Når ein kjem til kyrkje vert ein registrert med namn og telefonnr. Lista vert oppbevara trygt i 14 dagar, av omsyn til eventuell smittesporing, før ho vert makulert. Sitteplassane i kyrkjebenkene er merka.

Framleis må vi halde minst 1 meter avstand. Dette gjer at det ikkje er plass til 50 personar i alle kyrkjene våre.

Tala som gjeld no er:

Volda kyrkje: 50

Dalsfjord kyrkje: 50

Kilsfjord kyrkje: 50

Austefjord kyrkje: 36

Hornindal kyrkje: 50

Bjørke kyrkje: 42

Gudstenestene i Volda kyrkje 15. og 29. november og 6. desember vil bli streama på Facebook.


Vel møtt til kyrkjene i Volda!

Tilbake