Konfirmant 2020 - 2021


Konfirmant 2020 - 2021


Velkomen som konfirmant i 2020 - 2021

Bli med på ei spennande reise fram til konfirmasjonsdagen i september 2021!

Fram til konfirmasjonsdagen vil du få ei opplevingsrik tid. Konfirmantkurset tek omsyn til ein travel kvardag med skule og mangefritidsaktivitetar. Difor er det meste av undervisninga samla på konfirmantleiren i sommarferien 2021. Under kan du lese korleis kurset er sett saman.

 

EI KONFIRMANTTID FOR ALLE
Alle som er fødd i 2006 eller byrjar i 9. klasse hausten 2020 kan vere konfirmant i 2020-2021.
For å vere med på leir, undervisning osv., treng du ikkje å vere døypt eller medlem i Den norske kyrkja. Dåpen er likevel ei føresetnad for å kunne ta del i forbønshandlinga i konfirmasjonsgudstenesta. Ønskjer du dåp i løpet av året, gjer vi det ein gong på våren.

Er du usikker på om du vil vere konfirmant i kyrkja kan du gjerne ta ein prat med kateketen eller ein av prestane. Dei kan fortelje meir om kva dette går ut på og kanskje hjelpe deg å tenke vidare.
Alle har alle rett til ei god konfirmanttid - uansett funksjonsevne. Har konfirmanten behov for individuell tilrettelegging, ber vi om at føresette tek kontakt med oss så fort som råd.

Koronaepidemien har snudd kvardagen på hovudet for dei fleste av oss. Informasjonen her beskriv kva vi har planlagt under vanlege forhold, utan epidemie. Vi må sjølvsagt tilpasse opplegget til gjeldande reglar og
restriksjonar. Vi bed dykk likevel å «reservere» datoane de finn i semesterplanane. Lenke til planane under artikkelen.

Under finn du litt informasjon om kva konfirmasjonstida inneheld. Meir detaljert informasjon finn du informasjonsbrosjyra (Dalsfjord, Hornindal/Bjørke, Kilsfjord, Volda).

Samlingar
Vi kjem til å ha to samlingar før jul og fem gongar til våren. Samlingane er som regel etter skuletid. Vi tek om ulike tema.

Oppgåver
Alle konfirmantar vil frå i år av vere med og hjelpe på eit arrangement for barn i kyrkja eller i nokre gudsteneste.

Gudsteneste
Som konfirmant er du med på 10 gudsteneste i løpet av året. I 2 av dei vil du få enkle
oppgåver. I nokre gudstenester deltek alle konfirmantar. I tillegg går du i gudstenester sjølv.

Leir
Leiren er for dei fleste eit av høgdepunkta i konfirmanttida!
Den går av stabelen mandag 9. til fredag 13.august 2021, på Kjeldsund ungdomssenter, berre
40 minutt frå Volda. Du får oppleve masse, vere aktiv, kreativ, sove, padle, bade, synge, lære, feire gudsteneste, vere saman med gamle og nye vener +++!


ANSVARLEG
Kateketen i Volda, Constanze Lindner, er hovudansvarleg for konfirmasjonstida. Saman med henne har
også trusopplærane Wendi Sund Stråbø og Erlend Koppen, ungdoms- og diakoniarbeidar Beate Skorpen,
prestane Kristian Myklebust og Ingrid Finsådal ansvar for konfirmantane. I tillegg vil nokre volontørar og
mange andre engasjere seg på ulikt vis i løpet av konfirmanttida.

 

BETALING
Konfirmantkurset vil koste om lag kr. 2500.
Betalinga inkluderer mat og materiale for samlingane og kostnadar knytt til leiren.
Alle skal få kunne delta. Vi skal finne ei løysing om det skulle vere vanskeleg for nokon å betale.

 

Semesterplan Dalsfjord

Semesterplan Hornindal og Bjørke

Semesterplan Kilsfjord

Semesterplan Volda

 

Tilbake