Treng du ein prat?


I denne nedstengingstida treng du kanskje meir enn vanleg nokon å lufte tankane saman med. Prestane og andre i kyrkjelydane i Volda er tilgjengelege for samtale.

 

Vi tek gjerne ein prat med deg! Det kan vere på telefon eller som eit videomøte. Eit anna godt alternativ er å treffest utandørs og kanskje gå ein tur saman. Etter gjeldande smittevernreglar (pr. 21.1.) er det også mogeleg å møtest til ein fysisk samtale i eit kyrkjerom eller eit anna større rom.

I ein slik samtale kan du ta opp det som du går og tenkjer på. Temaet treng ikkje vere spesielt kristeleg eller religiøst, sjølv om vi sjølvsagt gjerne snakkar om slike emne også. Det kan hende det ikkje er så viktig at det er eit tydeleg tema ein gong. Elles er det også mogeleg å be om skriftemål eller å få nattverd (det vi kallar "soknebod"). 

Ring eller send e-post til prestane Ingrid Finsådal Bakke (910 08 109) eller Per Kristian Hovden Sætre (957 69 292) for å avtale tid, stad og måte for eit møte. Du kan velje å snakke med oss, og vi kan også setje deg i kontakt med andre medarbeidarar i kyrkjelydane som har sagt seg villige til å vere med.

Dersom du treng å snakke med nokon raskt eller ynskjer å vere heilt anonym, har Kirkens SOS alltid folk til stades – enten på telefon 22 40 00 40 eller melding og chat via kirkens-sos.no  Nettkirken har også open chat til oppsette tider på nettkirken.no.

Tilbake