Vi inviterer til gudsteneste på nett frå Bjørke kyrkje søndag 21. februar! Om vi framleis ikkje kan samlast i kyrkjene, kan vi ha fellesskap om ord og bøn der vi er. Gudstenesta finn du her eller på kyrkjelydane sine sider på Facebook.
Organist John Inge Bjøringsøy og sokneprest Per Kristian Hovden Sætre har fått med seg Anne Marta Vinsrygg Vadstein som solist.
Det er første søndag i fastetida, og vi markerer dette med salmane 117 Se, vi går opp til Jerusalem, 356 För att du inte og 423 Å, var eg meir deg, Jesus lik. Anne Marta har også funne fram "Takk og lov for kjærleiksunder" frå Beate Slettevoll Lech si plate "Min song og hjarteskatt." Preika er over Matteus 16,21–23, og soknepresten snakkar om faste i koronatida og sveipar innom både Ringenes herre og dei lange linjene i Jesus-forteljinga.
Ei digital gudsteneste kan verte ei fin andaktsstund. Det kan hjelpe å rydde bort distraksjonar, finne ein god stad å sitje, kanskje tenne eit lys, finne fram bibel og salmebok om du har, og følg med undervegs. Dersom ein er fleire som bur saman, kan det vere fint å sjå gudstenesta saman. Ein video kan ikkje erstatte fellesskapet, men dei digitale alternativa kan minne oss om at vi høyrer til i eit fellesskap sjølv om vi ikkje kan samlast fysisk.
Gudstenesta frå 21. februar ser du her: