Middag for alle på Uppheim – ein gong i månaden!
Middag på Uppheim er eit tilbod til små og store, anten du kjem åleine eller med heile familien. Serveringa starter kl. 16.00, og det er god tid til å nyte maten, prate og ta del i fellesskapen rundt borda.
Kl 17.00 kan dei som vil, vere med på samling med leik og andaktsstund.
Ein melder seg på ved å sende SMS til 900 46 275 innan tysdagen før. Meld frå om kor mange vaksne og born under 12 år som kjem, og om de ønskjer eit vegan-alternativ. Prisen er kr. 125 pr. vaksen og kr. 50 pr. born, eller kr. 250 for heile familien.
Følg gjerne med på fb-sida "Middag på Uppheim".
Våren 2024 serverer vi middag desse dagane:
18. januar
8. februar - med karnevalsgudsteneste etterpå!
14. mars
11. april
25. april
23. mai
Velkomen!