LysVaken under open himmel - 4. og 5. feb.


LysVaken under open himmel - 4. og 5. feb.


Volda kyrkje inviterar alle 6.klassingane i Volda til «LYSVAKEN UNDER OPEN HIMMEL» Ein kveld der vi skal vere saman, leike, gå i fakkeltog, synge og dra på oppdagingsferd i kyrkja sine ukjente krikar og krokar. Det vert bålkos og noko godt å ete.

Volda kyrkje inviterar alle 6.klassingane i Volda og Asuefjord til «LYSVAKEN UNDER OPEN HIMMEL» Ein kveld der vi skal vere saman, leike, gå i fakkeltog, synge og dra på oppdagingsferd i kyrkja sine ukjente krikar og krokar. Det vert bålkos og noko godt å ete.

ENDRING I SMITTEVERNSREGLENE gir oss høve til å vere fleire samla under LysVaken. Vi inviterer derfor MORK SKULE til å kome på Fredag, saman med Bratteberg skule.

Bratteberg skule: fredag 4. februar, kl. 19 til 22
Øyra skule: laurdag 5.februar, kl. 19 til 22

NY FRIST TIL PÅMELDING. 
TORSDAG KVELD KL. 23:00 

Påmelding:
Send ei melding til Ingeborg Eikenæs : 458 74 541
«LysVaken: namn på ditt born og skule. Helsing namn på føresett.»

Lysvaken handlar om å vere lysvakne for kvarandre og Gud – og det skal vi finne ut meir om første helga i februar! 

Møt opp på «Prestholmen» ved Øyralangs i Volda sentrum. Her vert det ei lita samling før vi går i fakkeltog saman til paviljongen ved kyrkja. Vi skal vere mykje ute så det er viktig at alle har godt med klede og varme sko + refleksvest. Vi avsluttar samlinga inne i Volda kyrkja og føresette kan hente der.
Vi håpar akkurat DU har lyst til å vere med! 


LysVaken – songen:
Vi i kyrkja er glade i song, dans og musikk, og saman skal vi lære «LysVaken» - songen. Har du lyst til å høyre songen og lære bevegelsane allereie no? https://www.youtube.com/watch?v=ZkwarBtsb9s
(Ev. søk på youtube: "Lys våken - sangen") 


Vi gler oss til å sjå deg på LYSVAKEN UNDER OPEN HIMMEL!

Ingeborg Eikenæs (Kateketvikar) , Wendi Stråbø (Trusopplærar) og Naemi (Voluntør)

 

Tilbake