Smittevern i Volda-kyrkjene


Frå 25. september klokka 16.00 er Noreg tilbake i normal kvardag med auka beredskap. Ingen særskilte smittevernreglar gjeld lenger i kyrkja, og vi vender tilbake til aktivitet som normalt!

Frå laurdag 26. september har vi igjen god plass i alle kyrkjene våre. Det er ikkje lenger naudsynt å registrere seg ved oppmøte. Ei generell oppmoding til god handhygiene og eit pålegg om at alle med luftvegssymptom held seg heime gjeld framleis.

I ei tid framover vil det like fullt vere naudsynt med nokre ekstra dåpsgudstenester for å ha kapasitet til å døype alle som er fødde i koronaåra. På litt sikt vil vi vende attende til ein praksis der dåp som hovudregel skjer i hovudgudstenestene på søndagane og i einskilde særlege dåpsgudstenester. Ta kontakt med kyrkjekontoret dersom det er spørsmål!

 

Tilbake