3. søndag i faste: Fastetid og koronatid


Vi er inne i fastetida. 40 dagar førebuing til påskedagen. Kva kan denne fastetida vere, midt i koronakvardagen?

 

av Kristian Myklebust, sokneprest i Volda

 

Vi er i fastetida, dei 40 dagane før påskedagen. Fastetida kan ha fleire funksjonar: Ho skal førebu oss til påske: «Se, vi går opp til Jerusalem», syng vi i ein av dei mest kjende fastesalmane. Fastetida undersøker sider ved den kristne trua som kanskje ikkje alltid er så enkle og tilgjengelege, slik som bibelteksten for denne søndagen frå Markus 9. Fastetida kan skjerpe fokuset vårt, slik at vi får betre auge både på Gud og medmenneska våre. 

Historisk sett har fastetid ofte handla om å gi avkall på noko- og då gjerne i matvegen. Kosten vart enklare, med mindre kjøt og feit mat. I vår tid har mange oppdaga fastetida på nytt. Mange har erfart at det å for ei tid gi avkall på noko som i seg sjølv er godt, kan hjelpe oss mot ei større glede: Mindre tid brukt på telefonen kan gi meir tid til menneska rundt oss. Enklare mat kan gi meir pengar å gi bort til eit godt formål. Mindre tid framfor tven kan gi meir tid til å lese eller reflektere over noko som er viktig.

I år har eg lurt ekstra på dette: Gir det meining å fokusere på at vi skal gi avkall på noko no medan vi lever i ein pandemi, som jo gjer at det allereie er så mykje godt vi avstår frå? Er vi ikkje allereie godt trena i å forsake gode ting for eit større gode, etter snart eit år med inngripande restriksjonar for å avgrense den nedbrytande effekten av dette viruset?

Eg har tenkt: Fastetida må alle år finne plassen sin i det livet vi allereie lever. Fastetida er ikkje meint som eit tillegg til det eigentlege; eit krav om eit kristeleg «tillegg» til det eigentlege livet. Denne tida skal heller vere ei hjelp til å leve med den kristne trua midt i det livet vi lever!  For min eigen del har til dømes fastetida endra karakter sidan vi fekk born; med tre små må fastetida vere noko anna enn då eg var student, til dømes. 

Dermed må fastetida i år finne stad i den pandemi-råka verkelegheita vår. Ikkje nokon annan stad, for den kristne trua må finne sin stad nettopp i den verkelegheita vi lever. Når Gud vert menneske stig Gud inn i nett denne verkelegheit. Det er framleis her Gud kan gi seg til kjenne for oss menneske. Det er her vi er at den kristne trua kan gi meining og retning.

Så kva kan denne fastetida vere? Kanskje er ikkje det viktigaste no kva vi gir avkall på, men kva vi faktisk gjer?Kanskje kan det vere ei tid der vi hugsar på kvarandre? Der vi tek nokre ekstra telefonar til nokon vi trur kan ha glede av det, der vi sender nokre meldingar og høyrer korleis det går? Der vi bankar på ei dør og slår av ein prat på trappa? Der vi undersøker om vi faktisk kan ha råd til å gje noko ekstra, til dømes til Kirkens Nødhjelp sin digitale Fasteaksjon eller ein annan organisasjon som arbeider for rettferd? Der vi brukar noko av den tida som kan kjennest lang eller tom til å bake eit brød, skrive eit dikt, reparere eit plagg, måke vekk snø, gjere eit ærend, be ei bøn- til eller for nokon andre? 

Fastetida handlar uansett ikkje om å gjere seg fortent til kjærleiken. Guds kjærleik er alltid i rørsle mot oss menneske; han tek aldri slutt. Denne kjærleiken gjer at vi kan lyfte blikket og sjå verda vår, verkelegheita vår, slik ho er. Nettopp her er det vi kan vere noko for andre; her vi er, i akkurat denne fastetida.

(Foto: Annika Gordon@Unsplash)

Tilbake