4. søndag i faste: Ørkenvandring


Midt i fasta kjem det godt nytt til alle som kjenner seg åleine og sårbare: Gud hugsar oss på vandringa vår!

 

av Per Kristian Hovden Sætre, sokneprest i Hornindal, Austefjord og Storfjorden

Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Vi talar om det vi veit og vitnar om det vi har sett, men de tek ikkje imot vitneutsegna vår. Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om dei jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen: Menneskesonen, som er i himmelen. Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Johannes 3,11–16

Det er ikkje mykje ørken å sjå i Volda i mars. Det manglar ikkje på vatn i verken fast eller flytande form. I bibeltekstane som høyrer til fastetida er det derimot mykje ørken. Som klangbotn for alle tekstane ligg den gamle forteljinga om Israelsfolket si førti år lange vandring i ørkenen mellom Egypt og heimlandet dei var lova. I dei bibelske tradisjonane vart ørkenvandringa eit bilete på livet sjølv. I dei oppsette bibeltekstane for i morgon dukkar ei av dei raraste forteljingane frå ørkenvandringa opp.

På norsk brukar me uttrykket «ørkenvandring» om noko tungt, keisamt og langdrygt. Slik sett kan det året som har gått sidan 12. mars i fjor med nedstenging og smitteverntiltak absolutt skildrast som ei ørkenvandring utan noko klårt endepunkt. Samstundes er det ei anna side ved ørken-biletet som mange kanskje kjenner meir på. Både ordet «ørken», ordet «audemark», som norske bibelomsetjingar oftast brukar, og det ordet dei greske bibeltekstane brukar, fokuserer ikkje så mykje på akkurat kva naturtype det er snakk om. Grunntydinga er nemleg ein stad der det er tomt og forlate. Dei som går der er åleine og sårbare. Det har me kjent mykje på i året som har gått. Det er litt ørken i Volda også i år.

I Det gamle testamentet er ørkenen på den eine sida ein stad der ein kjenner seg nær Gud og takkar for den hjelpa ein får. På den andre sida er det ein stad der ein møter farar, fiendar og freistingar. Ein er utanfor tryggleiken byen og fellesskapet kan gje og må greie seg på eiga hand. Båe desse sidene av ørkentilveret har me ferske erfaringar av i år. 

Forteljinga for denne søndagen er ein episode under ørkenvandringa. Gud slepper slangar inn i leiren til israelsfolket som straff for noko dei har gjort. Slangane representerer tydeleg farane i ørkenlivet. Men Gud gjev samstundes også eit botemiddel mot slangebita. Moses set opp ein koparslange på ein staur, og dei som lyfter blikket mot denne vert friske att. Så kjem det ikkje noko vidare forklaring. Johannesevangeliet plukkar opp denne forteljinga i dagens preiketekst. Då vert slangen på stauren eit bilete på Jesus på krossen, noko ein kan lyfte blikket mot og få auge på Guds hjelp. 

I denne ørkenvåren når så mange kjenner seg åleine og sårbare, så kan påskeforteljinga vere til trøyst. For forteljinga om Jesus som leid for vår skuld er forteljinga om at me menneske aldri er åleine. Gjennom Jesus er Gud til stades sjølv på dei tyngste dagane. Han gjev styrke og trøyst på dei tunge dagane, og ei von om at ørkenvandringa skal ta slutt ein gong. 

(Foto: Utanfor Jeriko, David McLenachan@Unsplash)

Tilbake